Sport

Liten annonse
    Dommar utestengd etter krenking
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (onsdag 1. juli 2020 KL:15.07)
    Den rutinerte svenske FIFA-dommaren Martin Strömbergsson blir utestengd for resten av sesongen på grunn av ein krenkande kommentar mot ein spelar, erfarer Aftonbladet. Hendinga skjedde i Allsvenskan i fjor, men kom til overflata i eit podcast-innslag nyleg. Dommaren vedgår sjølv å ha sagt «hopp inn i buret så skal eg gje deg ein banan» til Östersunds farga målvakt Aly Keita. Dette førte til at fotballforbundet utestengde Strömbergsson ut året. Forbundet meiner det var krenkande og klanderverdig, skriv avisa. Men granskinga har ikkje kome fram til at det var meint rasistisk, noko dommaren også avviser. Dommaren har lagt seg flat og beklaga det han sa. Strömbergssons kontrakt som dommar går ut ved årsskiftet. Det er uklart kva som skjer med han etter det.

Ord sky bassert på artikkel: 548577
utestengd - krenking - rutinerte - svenske - dommaren - Strömbergsson - sesongen - krenkande - kommentar - erfarer - Aftonbladet - Hendinga - skjedde - Allsvenskan - overflata - podcast - innslag - Dommaren - Östersunds - målvakt - fotballforbundet - utestengde - Forbundet - klanderverdig - granskinga - rasistisk - avviser - beklaga - Strömbergssons - kontrakt - årsskiftet -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »