Sport

Liten annonse
    Barcelona sa ja til superliga
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (onsdag 28. oktober 2020 KL:08.55)
    Barcelonas president Josep Maria Bartomeu sa måndag ja til tilbodet om å spele i ein ny superliga. Det opplyste klubbpresidenten i går, sasmtundes som han trekte seg frå jobben. I førre veke blei det kjent at det er planer om ein ny europeisk superliga med 18 klubbar frå dei største fotballnasjonane. Det er dei amerikanske eigarane av Liverpool og Manchester United som skal vere dei største pådrivarane, og FIFA skal også vere positiv. Ryktet om slike planer har dukka opp med ujamne mellomrom i mange år. Men Barcelonas offisielle ja blir betrakta som ei bombe, ifølgje danske Ekstrabladet. Superligaen kan kome til å starte allereie i 2022. Kampane skal gå parallelt med dei heimlege ligaene, men vil vere eit stort trugsmål mot meisterliga og europaliga, ifølgje opplysningar i Sky Sports. Bartomeu opplyste også at Barcelona støttar FIFAs forslag om utvida klubb-VM med 24 lag kvart fjerde år.

Ord sky bassert på artikkel: 587759
Barcelona - superliga - Barcelonas - president - Bartomeu - tilbodet - opplyste - klubbpresidenten - sasmtundes - europeisk - klubbar - største - fotballnasjonane - amerikanske - eigarane - Liverpool - Manchester - pådrivarane - positiv - mellomrom - offisielle - betrakta - ifølgje - Ekstrabladet - Superligaen - allereie - Kampane - parallelt - heimlege - ligaene - trugsmål - meisterliga - europaliga - opplysningar - støttar - forslag -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »