Sport

Liten annonse
    Fjerna det kviterussiske flagget
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (tirsdag 25. mai 2021 KL:13.08)
    Arrangørane av ishockey-VM i Latvia fjerna måndag det kviterussiske flagget i Riga. Det skal ifølgje nyheitsbyrået TT ha vorte erstatta med flagget til opposisjonen i landet. Årsaka er at eit Ryanair-fly nyleg vart tvinga til å lande i Minsk. Om bord var den regimekritiske journalisten Roman Protasevitsj, som blei arestert. Det har skapt bråk. Avgjerda skal ha vorte teke av borgarmeisteren i Riga i samråd med utanriksministeren, men møter motstand hos Det internasjonale ishockeyforbundet (IHF). «IHF er ikkje einig i grepa som i går vart tekne om å bruke flagget til ein deltakande nasjon i ishockey-VM til å sende ein politisk beskjed», seier forbundet. IHF opplyser at dei no har bede borgarmeisteren om at også VM-flagget og det offisielle IIHF-flagget umiddelbart blir fjerna frå området i hovudstaden der flagget til deltakarnasjonane blir vist. I grunngivinga blir det vist til at IHF er ein ikkje-politisk idrettsorganisasjon.

Ord sky bassert på artikkel: 652149
kviterussiske - flagget - Arrangørane - ishockey - ifølgje - nyheitsbyrået - erstatta - opposisjonen - Ryanair - regimekritiske - journalisten - Protasevitsj - arestert - Avgjerda - borgarmeisteren - utanriksministeren - motstand - internasjonale - ishockeyforbundet - deltakande - politisk - beskjed - opplyser - offisielle - umiddelbart - området - hovudstaden - deltakarnasjonane - grunngivinga - idrettsorganisasjon -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »