Sport

Liten annonse
    Delaney: – Ikkje gøy å stå der
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (onsdag 16. juni 2021 KL:14.54)
    Thomas Delaney var ein av spelarane som slo ring rundt Christian Eriksen medan han fekk livreddande hjelp under EM-kampen mot Finland. No fortel han korleis det var å stå rundt lagkameraten i den situasjonen. – Vi stod der og tok avgjersla om å skjerme Christian for å skjerme legane som stod og behandla han. Og like mykje for Christians venar og familie, for det er ikkje gøy å sjå slike ting, seier Delaney på pressekonferansen før møtet med Belgia. – Det var heller ikkje gøy for oss å stå der, men det føltes som ein måte for oss å hjelpe Christian på. Og i dagane etter hendinga har det danske landslaget knytt sterke band seg i mellom. – Eg har opplevd ærlegdom og kjærleik i laget dei siste dagane. Det har vore plass til alle, og alle har hatt sjansen til å vere ærlege om deira kjensler. Det har vore ein god ting, alt teke i betraktning, seier Delaney.

Ord sky bassert på artikkel: 658328
Delaney - spelarane - Christian - Eriksen - livreddande - Finland - korleis - lagkameraten - situasjonen - avgjersla - skjerme - behandla - Christians - familie - pressekonferansen - hendinga - landslaget - opplevd - ærlegdom - kjærleik - sjansen - kjensler - betraktning -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »