Sport

Liten annonse
    Hockeykaptein får bere regnbogeband
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (torsdag 22. juli 2021 KL:15.02)
    Kapteinen for Tysklands landhockey-lag, Nike Lorenz, får lov å bere regnbogefarga band på sokkane sine under OL-kampane. Det har både IOC og det tyske forbundet godkjent. Regnbogefargane skal vise støtte til lesbiske, homofile, biseksuelle og transseksuelle, melder Insidethegames. Det deltek minst 160 utøvarar som definerer seg innanfor desse gruppene, og som er opne om det. Det er olympisk rekord, ifølgje telegrambyrået Reuters. Det er det hittil nyaste teiknet på aktivisme under OL, etter at IOC nyleg mjuka opp regelen som forbyr «politisk, religiøs og rasistisk propaganda». Tidlegare har IOC gitt løyve til at fotballspelarar kan gå ned på kne under nasjonalsongane før kampstart. Spelarar frå fem lag har gjort dette, og Australia hadde med eit flagg til støtte for aborginarane – Australias urfolk.

Ord sky bassert på artikkel: 667646
Hockeykaptein - regnbogeband - Kapteinen - Tysklands - landhockey - regnbogefarga - sokkane - kampane - forbundet - godkjent - Regnbogefargane - lesbiske - homofile - biseksuelle - transseksuelle - Insidethegames - utøvarar - definerer - innanfor - gruppene - olympisk - ifølgje - telegrambyrået - Reuters - teiknet - aktivisme - regelen - politisk - religiøs - rasistisk - propaganda - Tidlegare - fotballspelarar - nasjonalsongane - kampstart - Spelarar - Australia - aborginarane - Australias -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »