Sport

Liten annonse
    Messi presentert for PSG-publikum
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 14. august 2021 KL:23.03)
    Lionel Messi spela ikkje for Paris Saint-Germain i kveld, men blei presentert for heimepublikummet før kampen mot Strasbourg. Også dei andre nyinnkjøpte, Achraf Hakimi, Georginio Wijnaldum, Gianluigi Donnarumma og Sergio Ramos blei presenterte. Wijnaldum og Hakimi spela kampen, dei tre andre sat på tribunen. PSG vann 4-2. Dei køyrde over motstandaren før pause, og kunne leia med langt meir enn 3-0. Men i andre omgang slo Strasbourg tilbake og reduserte to gonger. Men så fekk Strasbourgs Alexander Djiku sitt andre gule kort med ti minutt igjen. I staden for utlikning blei det derfor 4-2 ved Pablo Sarabia fire minutt før full tid. PSG leier Ligue 1 etter to serierundar. Lille, som overraskande snappa ligameisterskapet framfor PSG i vår, tapte 0-4 for Nice heime, og har berre eitt poeng.

Ord sky bassert på artikkel: 668492
presentert - publikum - Germain - heimepublikummet - Strasbourg - nyinnkjøpte - Georginio - Wijnaldum - Gianluigi - Donnarumma - presenterte - tribunen - motstandaren - tilbake - reduserte - Strasbourgs - Alexander - utlikning - Sarabia - serierundar - overraskande - ligameisterskapet - framfor -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »