Sport

Liten annonse
    Sleit med vekta
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (torsdag 7. oktober 2021 KL:12.03)
    Exauce Mukubu gjekk på eit 11-6 tap mot indiske Sajan i 77-kilosklassen i bryte-VM torsdag formiddag. Han starta bra med ei trepoengsleiiing, men så slo Sajan tilbake og tok nokre raske poeng. Det kom overraskande på for bryteekspert Mats Ravnanger Rolfsen. Då han var i oppvarmingshallen før Mukubu skulle på, fekk han vite at brytaren hadde slete med vekta i dag tidleg. – Han blei voldsomt fort sliten og såg ikkje ut som seg sjølv. Eg hadde forventa at han skulle vinne denne kampen, seier Rolfsen. Hovudpersonen sjølv er ekstremt skuffa over resultatet. – Eg har aldri bryte så dårleg før, seier han og legg til at han ikkje har fått trent som normalt dei siste vekene. Det skyldast ein smell på treningsleir i Danmark, som har prega han i oppladninga til VM. – Det blei litt vanskeleg å nå vekta innafor tida når eg ikkje har trent som normalt. Det tappa meg for energi, seier han. Alt håp er derimot ikkje ute. Skulle Sajan ta seg til finalen, kan Mukubu komme seg vidare gjennom ei rekvalifisering.

Ord sky bassert på artikkel: 681034
indiske - kilosklassen - torsdag - formiddag - trepoengsleiiing - tilbake - overraskande - bryteekspert - Ravnanger - Rolfsen - oppvarmingshallen - brytaren - voldsomt - forventa - Hovudpersonen - ekstremt - resultatet - normalt - skyldast - treningsleir - Danmark - oppladninga - vanskeleg - innafor - derimot - finalen - gjennom - rekvalifisering -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »