Sport

Liten annonse
    La Liga klagar på Haaland-overgangen
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (mandag 13. juni 2022 KL:20.08)
    Spansk toppfotball greidde verken å hente Erling Braut Haaland eller Kylian Mbappé. Ligasjefen reagerer med å ville ha Manchester City og PSG etterforska. La Liga-president Javier Tevas stadfesta måndag at den spanske elitedivisjonen formelt har klaga på Haalands overgang til Manchester City. Det same vil snart skje overfor Paris Saint-Germain. Den franske klubben greidde å overtale Mbappé til å forlenge kontrakten til 2025. Før det verka han å vere på veg til Real Madrid. – I Mbappé-saka står eg ikkje opp for Real Madrid, men for europeisk fotball. Denne veka vil vi klage inn PSG, slik vi gjorde med City i førre veke, sa Tebas på eit pressemøte i Valladolid. Han har i ei årrekke vore i ordkrig med statsstøtta klubbar. City og PSG har begge styrtrike eigarar frå Midtøsten. Same dag som Mbappé skreiv under ein ny PSG-avtale, varsla Tebas at La Liga kom til å klage det inn til Uefa, franske rettsinstansar og EU. Han kan ikkje rekne med å få hjelp frå Uefa-president Aleksander Ceferin. Nyleg uttalte han seg slik om La Ligas kritikk: – Eg er i det heile ikkje samd i det. Det er allereie for mange fornærmingar i fotballen, og eg meiner kvar liga heller skal bry seg om sin egen situasjon. Det er ikkje riktig av ei liga å kritisere andre ligaer. Haaland blei måndag offisielt presentert som Manchester City-spelar. Han blei kjøpt ut av Borussia Dortmund-kontrakten til et bestemt beløp i tråd med ei klausul.

Ord sky bassert på artikkel: 747979
Haaland - overgangen - toppfotball - greidde - Ligasjefen - reagerer - Manchester - etterforska - president - stadfesta - spanske - elitedivisjonen - formelt - Haalands - overfor - Germain - franske - klubben - overtale - forlenge - kontrakten - europeisk - pressemøte - Valladolid - årrekke - ordkrig - statsstøtta - klubbar - styrtrike - eigarar - Midtøsten - rettsinstansar - Aleksander - Ceferin - uttalte - kritikk - allereie - fornærmingar - fotballen - situasjon - kritisere - offisielt - presentert - Borussia - Dortmund - bestemt - klausul -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »