Sport

Liten annonse
    Dansk stjerne bryt touren
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 17. juli 2022 KL:12.36)
    Magnus Cort har testa positivt for korona og må stå av resten av årets Tour de France. Dansken står med éin etappesiger og køyrde fleire etappar i klatretrøya. Cort viste seg verkeleg fram for heimepublikumet i Danmark på dei tre første etappane av årets ritt. Han køyrde med klatretrøya dei første sju dagane før han måtte gi henne frå seg. På den tiande etappen køyrde han inn til ein flott etappesiger. Danskens lag, EF Education, opplyser likevel overfor dansk TV 2 at han ikkje vil stille til start på den 15. etappen søndag. Dei opplyser at han har testa positivt for korona. Sjølv fortalde Cort kanalen laurdag at han hadde slite dei siste dagane. – Eg har dessverre vore veldig sliten dei siste dagane. Eg trur mest av alt at eg så gjerne ville gjennom den 14. etappen, sa Cort til kanalen etter laurdagens etappe. Han peika også på varmen som ein faktor. Ei hetebølge har trua feltet og arrangøren har svart med å vatne asfalten grunna ekstreme temperaturar. – Det er litt hardt med varmen, den sleit eg litt med i går (fredag), sa Cort. Søndag blei det klart at han ikkje syklar meir i årets ritt.

Ord sky bassert på artikkel: 756438
stjerne - positivt - Dansken - etappesiger - etappar - klatretrøya - verkeleg - heimepublikumet - Danmark - etappane - etappen - Danskens - Education - opplyser - likevel - overfor - fortalde - kanalen - laurdag - dessverre - gjennom - laurdagens - hetebølge - arrangøren - asfalten - ekstreme - temperaturar - (fredag) -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »