Sport

Liten annonse
    Avviser rykter om å flytte VM
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 29. juli 2022 KL:07.00)
    Både FIFA og det australske fotballforbundet avviser meldingane om at det skal vere aktuelt å flytte neste års fotball-VM for kvinner til fleire månader seinare på året, skriv Sydney Morning Herald. Det var den franske sportsavisa L`Equipe som torsdag skreiv om tankane om flyttinga. Årsaka skal vere at den europeiske tv-interessa for meisterskapet er langt mindre enn venta, mindre enn ved VM i Frankrike i 2019. Ei av årsakene skal vere at august er i den vanlegaste ferietida for mange europeiske land. Derfor skal FIFA ha vore i kontakt med fleire europeiske fotballforbund for å diskutere ei flytting, skriv den franske avisa. VM i Austrlia og New Zealand skal etter planen gå frå 20. juli til 20. august, som er vinterstid i dei to landa. Ei flytting til seinare på året vil derfor gi lengre dagar og betre sjansar til å utnytte dagslyset, er eitt av argumenta. - Men flytting er uaktuelt. VM skal ha avspark i juli 2023, skriv Football Australia til nyheitsbyrået AFP. Det er det første kvinne-VM med 32 lag. Kampane vil gå tidleg om morgonen og på føremiddagen i Europa.

Ord sky bassert på artikkel: 759220
Avviser - australske - fotballforbundet - avviser - meldingane - aktuelt - kvinner - månader - seinare - Morning - franske - sportsavisa - L`Equipe - torsdag - tankane - flyttinga - europeiske - interessa - meisterskapet - Frankrike - årsakene - vanlegaste - ferietida - kontakt - diskutere - Austrlia - Zealand - vinterstid - sjansar - utnytte - dagslyset - argumenta - uaktuelt - avspark - Football - Australia - nyheitsbyrået - Kampane - morgonen - føremiddagen -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »