Hovedsiden

Liten annonse





    Brann-trenaren før Utrecht-kampen: – Galskap

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (onsdag 1. oktober 2025 KL:13.45)
    viss me presterer vårt beste kan me slå alle, spesielt på heimebane, seier brann-trenar freyr alexandersson på pressekonferansen før torsdagens kamp. brann skal spele sin andre kamp i ligaspelet i europaligaen mot nederlandske utrecht. i den fyrste kampen blei det eit knipent 1-2-tap mot franske lille. trenaren er ikkje einig med dei som meiner at den gode prestasjonen hadde null verdi sidan brann treng alle poenga dei kan få om dei skal vidare i ligaspelet. – det er galskap å seie at kampen mot lille ikkje hadde noko verdi sidan det enda med tap. me får mykje ut av kvar kamp, seier alexanderrson. han møtte pressa i lag med keeper mathias dyngeland, onsdag. alexandersson meiner brann har blitt betre dei siste månadane og har utvikla seg bra. – me har blitt dyktigare på mange område, legg han til. (nrk/ntb)







    Vålerenga klare for finale etter kontroversar
    ikkje nok folk: – vi må ofte melde skøyta ute av drift | Skrevet av NRK - Innenriks' title='Les mer detaljer om artikkelen: redningsskøyta har ikkje nok folk: – vi må ofte melde skøyta ute av drift | Skrevet av NRK - Innenriks'>
    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 28. september 2025 KL:17.53)
    vålerenga tok seg til cupfinalen etter å ha vunne 2–1 mot brann, men det var ikkje utan kontroversar. for karina sævik blei felt to gonger i motstandarens sekstenmeter og var krystallklar i pausen på kva ho synest om den første situasjonen. – det er openbert for alle som kan fotball at det er straffe. eg spurte dommaren etterpå om det er lov til å springe folk ned bakfrå og fekk ikkje noko svar på det, så det er tydelegvis lov, sa vålerenga-spelaren til nrk i pausen. i andre omgang skjedde det igjen. sævik blei riven i trøya og sparka i foten inne i boksen. – det er jo straffe det. mister jo heile balansen, både med haldinga og sparket i foten, seier nrks fotballekspert carl-erik torp. like etter pause sette diljá zomers inn leiinga for brann. halvvegs i andre omgang utlikna olaug tvedten. med dryge ti minutt att fekk heimelaget straffespark. den sette elise thorsnes i mål. – eg er framleis forbanna. eg synest det er dårleg dømt, båe dei situasjonane. men ho klarer det på tredje forsøk å dømme rett, me vinn i dag, så det får vere greitt, seier sævik etter kampen. vålerenga møter rosenborg i cupfinalen. den blir spelt 23. november og blir sendt på nrk 1.




























Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »