Hovedsiden

Liten annonse
    Sørloth-scoring i Madrid-derbyet

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 27. september 2025 KL:18.20)
    alexander sørloth teikna seg på scoringslista i det som er blant dei største kampane i sesongen for atlético madrid. heimelaget låg under 1–2 rett før pause mot real madrid etter scoringar av kylian mbappé og arda güler. men så dukka sørloth opp. inne i feltet heada han inn utlikninga for atletico. det er nordmannens andre scoring for klubben denne sesongen. etter pause scora julian alvarez to gonger for heimelaget, før antoine griezmann sørgde for at atlético madrid vann derbyet 5–2. atletico er no seks poeng bak real madrid som toppar tabellen.

    Liverpool tapte på overtid

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 27. september 2025 KL:18.07)
    med berre sekund igjen av kampen rauk den ubesigra rekka til liverpool. i første omgang scora ismaïla sarr for heimelaget, og liverpool skal prise seg lykkelege for at dei hadde alisson becker i mål, for palace kunne fint leia med fleire mål. etter pause spelte ligaleiaren betre. like før fulltid viste federico seg som ein superinnbytar da han sette inn utlikninga. etter 96 minutt banka eddie nketiah inn sigersmålet. liverpool hadde vunne alle dei fem første kampane i ligaen, men mot crystal palace sa det stopp. liverpool er framleis på toppen av tabellen.

    Haaland mestscorande nordmann i Premier League

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 27. september 2025 KL:17.55)
    manchester city sleit ein stund med burnley, men i andre omgang var ting tilbake til normalen. med både målgivande og mål for erling braut haaland. haalands to mål gjer han til tidenes mestscorande nordmann i premier league med 93 scoringar. den førre rekorden delte han med ole gunnar solskjær som noterte seg for 91. etter ti minutt sette maxime estève ballen i eiget nett. men seinare i første omgang svarte burnley. jaidon anthony sette inn utlikninga. i andre omgang fekk erling braut haaland ein målgivande til matheus nunes. da timen var spelt kom oscar bobb inn for manchester city. det såg ut til at han sette inn 3-1, men reprisen viste at estèveblei tomålsscorar, dessverre for han i eiget nett. like før slutt sette haaland inn 4–1 og 5-1 med kort mellomrom.

    Sigeren glapp for Sverige etter kjempetabbe

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 5. september 2025 KL:22.38)
    sigeren glapp bokstaveleg talt for sverige i vm-kvalifiseringa mot slovenia. sverige opna friskt og leia 1–0 etter 18 minutt spelt. ein kjempetabbe av keeper robin olsen gav slovenia utlikninga 1–1 etter pausen. sandi lovric skaut rett på keeperen, men olsen glapp ballen og han trilla i mål. bortelaget klarte å ta tilbake leiinga og styrte igjen mot siger, men eitt minutt på overtid fekk slovenia eit nytt mål. kampen enda 2–2.

    Sigeren glapp for Sverige etter keeper-tabbe

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 5. september 2025 KL:22.38)
    sigeren glapp bokstaveleg talt for sverige i vm-kvalifiseringa mot slovenia. sverige opna friskt og leia 1–0 etter 18 minutt spelt. etter pausen fekk slovenia ei utlikning. sandi lovric skaut rett på keeper robin olsen, men olsen glapp ballen og han trilla i mål. bortelaget klarte å ta tilbake leiinga og styrte mot siger, men eitt minutt på overtid fekk slovenia eit nytt mål. kampen enda 2–2.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »