Hovedsiden

Liten annonse





    Landslagsløpar sendt til røntgen etter fall under Toppidrettsveka

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 23. august 2025 KL:17.49)
    Jan Thomas Jenssen må på røntgen etter at han datt før sprinten under Toppidrettsveka. – Eg skal til Orkanger og ta røntgen, så eg kjem ikkje til å starte, seier Jenssen til NRK. Landslagsløparen skulle eigentleg gått prolog, men datt i den eine svingen i sprintløypa. – Eg tok meg for med høgrearmen. Eg hadde «jækla til fart». Det var vondt med ein gong, seier Jenssen som har ein ispose på armen. – Eg tryna i ein av svingane nedi her. Vi har medvind nedi her. Og det er ikkje ein særleg artig sving å ta berre når ein er aleine, seier Jenssen og legg til: – Eg er veldig spent på når det skal bli sendt ut fem-seks herrar og damer her.

    Nære ulykke under Toppidrettsveka – langrennsløpar krasja nesten med oter

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 22. august 2025 KL:18.18)
    Oi, er det ein oter vi ser i vegbanen? Torleif Syrstad, det er så vidt han styrer unna ein oter!, seier NRKs langrennsekspert Torgeir Bjørn. Torleif Syrstad var nære ei ulykke under det 53 kilometer lange rulleskirennet i Toppidrettsveka. Ein oter lurer seg inn i vegbanen på Hitra, og Syrstad er berre ein halv meter frå å treffe dyret. – Det er litt av eit dyreliv på Hitra! legg ein overraska Bjørn til. Torleif Syrstad leia løpet i 19 kilometer, men har blitt henta inn av Emil Iversen når det er 33 kilometer att av løpet.

    Nære ulykke under Toppidrettsveka – løpar heldt på å krasje med oter

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 22. august 2025 KL:18.18)
    Oi, er det ein oter vi ser i vegbanen? Torleif Syrstad, det er så vidt han styrer unna ein oter!, seier NRKs langrennsekspert Torgeir Bjørn. Torleif Syrstad var nære ei ulykke under det 53 kilometer lange rulleskirennet i Toppidrettsveka. Ein oter lurer seg inn i vegbanen på Hitra, og Syrstad er berre ein halv meter frå å treffe dyret. – Det er litt av eit dyreliv på Hitra! legg ein overraska Bjørn til. Torleif Syrstad leia løpet i 19 kilometer, men har blitt henta inn av Emil Iversen når det er 33 kilometer att av løpet.


    Christian Michelsen er ferdig i Sarpsborg 08

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (onsdag 20. august 2025 KL:09.14)
    Christian Michelsen er ferdig som hovudtrenar for eliteserielaget Sarpsborg 08 etter berre et drygt år i jobben. Også assistent Joakim Klæboe er ferdig i klubben. Det opplyser klubben sjølv i ei pressemelding. Avskjeden kjem etter fire strake tap og seks kampar utan seier. Det skjer også dagen etter at dagleg leiar Raymond Fjeld opplyste til Sarpsborg Arbeiderblad at det ikkje var aktuelt å gjere endringar rundt laget. (NTB)

    Patrick Thoresen får rolle i Noregs Ishockeyforbund

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (tirsdag 19. august 2025 KL:12.03)
    Det er berre nokre dagar sidan Patrick Thoresen la skøytene på hylla. No er han klar for ein ny rolle i Noregs Ishockeyforbund. Han skal vere sportsleg ansvarleg for A-landslaget for menn, det kjem fram under pressekonferansen, tysdag. Kontrakten byrjar alt i september og gjeld i to år. – Me håpar at han kan bli forlenga, men der Patrick er no med nyleg avslutta karriere, føler me det er fair for alle partar av me kjenner litt på kvarandre i ei ny rolle, seier generalsekretær Petter Salsten. – Det er ein fin rolle for meg å gå inn i no rett etter karrieren. Eg har spilt saman med mange av spelarane eg no skal samarbeide med, seier Thoresen. Thoresen skal ha dialog med aktuelle landslagsspelarar og deira klubblag. Han skal også bidra med å tilsette trenarar og delta i uttak. – Eg er takknemleg for å få denne sjansen, seier Thoresen. 41-åringen gav seg som aktiv etter førre sesong. Då var han ein del av Djurgården i den svenske toppdivisjonen. Han har også spelt for fleire storklubbar som Philadelphia Flyers (NHL), Edmonton Oilers (NHL) og SKA St. Petersburg (KHL). Hockeykjempa fekk 105 offisielle kampar i OL og VM for Noreg. (NRK/NTB)



    Hushovd om siste etappe i Arctic Race of Norway: – Ein ellevill etappe

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 10. august 2025 KL:09.58)
    Søndag skal sykkelrittet Arctic Race of Norway avslutte i Tromsø med ein etappe på 135,3 km i åtte rundar rundt på Tromsøya. Den meritterte syklisten Thor Hushovd er sjef for sykkellaget Uno-X Mobility. – Det kjem til å bli ein ellevill etappe. Det er kamp i teten mellom britiske Tom Pidcock og Corbin Strong frå New Zealand. Den er ikkje avgjort. Og så er det masse ryttarar bak, seier han til NRK. Han nemner tromsøværingen Andreas Leknessund si avslutning i Arctic Race of Norway i Trondheim i 2022. Då angreip han, og vann rittet. – Dagens etappe i Tromsø er teknisk krevjande. Det er ikkje berre opp og ned, men masse svingar. Det gjer det vanskeleg å kontrollere, meiner Hushovd. – Kven er favoritten? – Han er så lokal som ein kan få det, og heiter Andreas Leknessund, seier Hushovd til NRK.




    Amerikansk stjerne kan miste VM etter fiaskoløp

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 2. august 2025 KL:23.50)
    Bronsevinnaren på 1500-meter frå fjorårets OL, Yared Nuguse, kan miste VM etter at han blei nummer fem i eit uttaksløp. Nuguse deltok i det amerikanske VM-uttaket der han blei slått av mellom andre Ethan Strand og OL-vinnar Cole Hocker. Dei tre beste plasseringane kvalifiserer seg til verdsmeisterskapet i Tokyo. Nuguse kjem seg derfor berre til VM dersom nokon trekkjer seg. Det var Jonah Koech som overraska og vann løpet. Nuguse fekk bronse på 1500-meter under leikane i Paris, medan Jakob Ingebrigtsen sprang inn til fjerdeplass.

    Leif Gunnar Smerud tar over trenarjobben i SK Brann Kvinner

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 1. august 2025 KL:08.58)
    Leif Gunnar Smerud blir etter alt å dømme arvtakaren til Martin Ho i løpet av dagen, bekrefter klubben. – Det er berre småting som gjenstår, og om alt klaffar i dag så trer han inn i stillinga med ein gong, opplyser medieansvarleg Mette Hammersland til NRK. Leif Gunnar Smerud landar på Bergen lufthamn i dag klokka ni. Smerud hadde eit kort opphald som hovudtrenar for kvinnelaget til Crystal Palace i engelsk toppfotball i vår. Tidlegare, frå 2014 til 2023 var han hovudtrenar for det norske U21-herrelandslaget. Stavanger-mannen fekk ein del mediemerksemd då han tredde inn som hovudtrenar for «Nødlandslaget» i Nations League i 2020.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »