Hovedsiden

Liten annonse
    Molde vann mot Vålerenga – klatra ut av nedrykkssumpen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 28. september 2025 KL:21.26)
    molde klatra heilt opp i ryggen på vålerenga etter 4-1-seieren på eige grass i eliteserien søndag kveld. eirik hestad, magnus wolff eikrem, jalal abdullai og innbytar halldor stenevik stod for måla til heimelaget. molde hadde berre tre poeng ned til kvalifiseringsplassen før kveldens oppgjer. etter sigeren klatra dei opp til 30 poeng og 8.-plass og er berre eitt poeng bak vålerenga. (nrk/ntb)

    Vålerenga klare for finale etter kontroversar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 28. september 2025 KL:17.53)
    vålerenga tok seg til cupfinalen etter å ha vunne 2–1 mot brann, men det var ikkje utan kontroversar. for karina sævik blei felt to gonger i motstandarens sekstenmeter og var krystallklar i pausen på kva ho synest om den første situasjonen. – det er openbert for alle som kan fotball at det er straffe. eg spurte dommaren etterpå om det er lov til å springe folk ned bakfrå og fekk ikkje noko svar på det, så det er tydelegvis lov, sa vålerenga-spelaren til nrk i pausen. i andre omgang skjedde det igjen. sævik blei riven i trøya og sparka i foten inne i boksen. – det er jo straffe det. mister jo heile balansen, både med haldinga og sparket i foten, seier nrks fotballekspert carl-erik torp. like etter pause sette diljá zomers inn leiinga for brann. halvvegs i andre omgang utlikna olaug tvedten. med dryge ti minutt att fekk heimelaget straffespark. den sette elise thorsnes i mål. – eg er framleis forbanna. eg synest det er dårleg dømt, båe dei situasjonane. men ho klarer det på tredje forsøk å dømme rett, me vinn i dag, så det får vere greitt, seier sævik etter kampen. vålerenga møter rosenborg i cupfinalen. den blir spelt 23. november og blir sendt på nrk 1.

    Trenaren skada seg i vill feiring

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 27. september 2025 KL:21.09)
    det tok fullstendig av på sarpsborg stadion etter at heimelaget scora to mål på overtid og sikra poeng i 3-3-kampen mot viking. på tribunen sat martin foyston, som skal leie laget ut sesongen frå og med neste kamp. – sander (nyland) og trenarapparatet har gjort ein fantastisk jobb. eg er veldig stolt av dei. det var ein skikkeleg «aldri gi opp»-haldning. eg tek null av æra. eg er berre glad for å at eg var her og fekk oppleve det, seier foyston til nrk. engelskmannen gjekk også av hengslene på tribuneplass. i intervju med nrk har han ein ispose rundt fingeren. – det var litt for mange metallstenger rundt der eg sat. det kan skje, men det var verdt det, seier foyston med eit stort smil. – er den brekt? – nei, det går bra. for meg symboliserer det entusiasme, lidenskap, stoltheit og kjærleik for spelet.

    Sørloth-scoring i Madrid-derbyet

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 27. september 2025 KL:18.20)
    alexander sørloth teikna seg på scoringslista i det som er blant dei største kampane i sesongen for atlético madrid. heimelaget låg under 1–2 rett før pause mot real madrid etter scoringar av kylian mbappé og arda güler. men så dukka sørloth opp. inne i feltet heada han inn utlikninga for atletico. det er nordmannens andre scoring for klubben denne sesongen. etter pause scora julian alvarez to gonger for heimelaget, før antoine griezmann sørgde for at atlético madrid vann derbyet 5–2. atletico er no seks poeng bak real madrid som toppar tabellen.

    Liverpool tapte på overtid

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 27. september 2025 KL:18.07)
    med berre sekund igjen av kampen rauk den ubesigra rekka til liverpool. i første omgang scora ismaïla sarr for heimelaget, og liverpool skal prise seg lykkelege for at dei hadde alisson becker i mål, for palace kunne fint leia med fleire mål. etter pause spelte ligaleiaren betre. like før fulltid viste federico seg som ein superinnbytar da han sette inn utlikninga. etter 96 minutt banka eddie nketiah inn sigersmålet. liverpool hadde vunne alle dei fem første kampane i ligaen, men mot crystal palace sa det stopp. liverpool er framleis på toppen av tabellen.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »