Hovedsiden

Liten annonse
    Barcelona vann måldrama – skal spele meisterligafinale i Oslo

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 3. mai 2026 KL:18.25)
    barcelona skal spele finale i meisterligaen etter at dei vann 4–2 (5–3 samanlagt) over bayern münchen søndag. det stod 1–1 før det siste og avgjerande oppgjeret i semifinalen. barcelona spelte føre ein fullsett stadion og skåra det første målet i kampen. – dette er ein draum, sa lianne sanderson på disney +. den tidlegare engelske landslagsspelaren snakka om den målgjevande pasninga caroline graham hansen serverte til salma paralluelo. men det tok ikkje lang tid før laga var like langt att, då linda dallmann skåra for bayern münchen. alexia putellas sende heimelaget i leiinga, før både ewa pajor og putellas auka for barcelona. bayern münchen tente eit lite håp då pernille harder reduserte i det 71. minutt. ho skapte ny spenning då ho sette ballen i mål att i det 89. minutt, men målet blei annullert. barcelona skal spele finale i meisterligaen etter at dei vann 5–3 samanlagt. i finalen møter dei franske lyon. finalen blir spelt på ullevaal stadion i oslo laurdag 23. mai. i finalen møter barcelona-spelarane graham hansen og martine fenger dei norske stjernene ingrid syrstad engen og ada hegerberg, som spelar for lyon.

    Siste kamp før cupfinale – Brann vann 3-1 over Fredrikstad

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 2. mai 2026 KL:19.56)
    brann vann 3–1 over fredrikstad i eliteserien laurdag. heimelaget som vann 5–0 over serieleiar tromsø førre veke, starta også best i bergen. islandske kristall ingason fekk ballen etter 6 minutt og sette han i mål. same mann var nest sist på ballen då joachim soltvedt kunne sette inn 2–0 etter 69 minutt spelt. fem minutt på overtid fekk også heimelaget straffe etter at fanuel ghebreyohannes fekk ein ball i handa. på straffesparket skåra bård finne. eitt minutt etter fekk fredrikstad eit trøystemål då ulrik fredriksen sette ballen i mål for gjestane. kampen mot fredrikstad er den siste kampen før brann skal spele cupfinale mot bodø/glimt neste laurdag

    Vålerenga vann over LSK – debutant skåra etter ni minutt

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 2. mai 2026 KL:17.52)
    vålerenga vann 3-2 mot lsk kvinner i toppserien laurdag. vålerenga-debutant linnea wang skåra etter berre ni minutt for heimelaget. så dobla naina inauen leiinga berre tre minutt etter. etter halvtimen spelt skåra lsk kvinner sitt første mål. ronja arnesen sette inn målet., før ho igjen skåra for bortelaget. i det 65. minutt skåra stine brekken for vålerenga. vålerenga er nummer to på tabellen etter dagens kamp, medan lsk kvinner ligg på botn.

    Noregs stafettlag klare for friidretts-VM – tok norsk rekord

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 2. mai 2026 KL:16.19)
    henriette jæger kunne ta det norske laget lett vidare til finale i stafett-vm. det norske laget sprang inn til tida 3.22.78, og tok ny norsk rekord på 4*400 meter stafett laurdag. dei tok også andreplassen i det siste heatet i kvalifiseringa til finalen i botswana, og tok med det også den andre beste tida i kvalifiseringa. berre slått av storbritannia som sprang på tida 3.21.28. canada var tredje best med tida 3.23.53 det norske rekordlaget bestod av josefine tomine eriksen aks, amalie iuel, lakeri ertzgaard og henriette jæger. aks starta sterkt og kunne veksle som nummer tre med iuel, som sprang som nummer to store delar av sin etappe. både ertzgaard og jæger heldt andreplassen. også ein billett til vm i friidrett i beijing i 2027 sto på spel under stafett-vm i botswana. dei to beste laga i kvart kvalifiseringsheat får ein plass i meisterskapet. finalen i stafett-vm går søndag.


    Bayern München og Barcelona står likt i semifinalen i Meisterligaen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 25. april 2026 KL:20.13)
    bayern münchen og barcelona får likt utgangspunkt når dei møtest til sitt andre oppgjer i semifinalen i meisterligaen. laga møttest til første kamp i semifinalen laurdag. caroline graham hansen sitt barcelona tok leiinga tidleg i kampen. barcelona skåra etter åtte minutt. ewa pajor sette ballen direkte i mål etter eit innlegg. etter pausen skåra franzizka kett for heimelaget. det blei 1-1 i tyskland. finalen i meisterligaen blir spelt på ullevaal stadion i oslo i slutten av mai.

    Absurde scener då verdseliten samla seg ein sist gong

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 25. april 2026 KL:14.53)
    årets showrenn i mosjøen gjekk av stabelen laurdag. den mindre kjende bysprinten svingar seg gjennom dei smale, flate gatene i sentrum av metropolen mosjøen, til stor glede for dei frammøtte. og når nærmare 50 løparar frå verdseliten i langrenn, kombinert og skiskyting stilte til start, vart det også duka for kaos. og aller mest kaos vart det når dei som ikkje kvalifiserte seg direkte frå kvartfinalen til semifinalen fekk ein ny sjanse i ein massestart. – det å komme først ut her er ein kjempefordel her da, sa kommentator på hbo max, jan christian bjørn. 22 menn starta likt i ei løype der det knapt går an å passere i. dei bakarste har i prinsippet ingen moglegheit for avansement. men dette er show. – det er stort, smart å rykke ned her og gå vidare, sa oskar opstad vike etter ha vunne 22-mannssprinten, der berre førsteplassen gjekk vidare til finalen. der klarte han ikkje å hevde seg. julie myhre vann i kvinneklassen. johannes høsflot klæbo vann herreklassen. – det er det hardaste startfeltet vi har hatt i mosjøen nokon gang, trur eg. det var så brutalt, sa klæbo til hbo max etterpå.


Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »