Hovedsiden

Liten annonse
    barcelona vann måldrama – skal spele meisterligafinale i oslo

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 3. mai 2026 KL:18.25)
    barcelona skal spele finale i meisterligaen etter at dei vann 4–2 (5–3 samanlagt) over bayern münchen søndag. det stod 1–1 før det siste og avgjerande oppgjeret i semifinalen. barcelona spelte føre ein fullsett stadion og skåra det første målet i kampen. – dette er ein draum, sa lianne sanderson på disney +. den tidlegare engelske landslagsspelaren snakka om den målgjevande pasninga caroline graham hansen serverte til salma paralluelo. men det tok ikkje lang tid før laga var like langt att, då linda dallmann skåra for bayern münchen. alexia putellas sende heimelaget i leiinga, før både ewa pajor og putellas auka for barcelona. bayern münchen tente eit lite håp då pernille harder reduserte i det 71. minutt. ho skapte ny spenning då ho sette ballen i mål att i det 89. minutt, men målet blei annullert. barcelona skal spele finale i meisterligaen etter at dei vann 5–3 samanlagt. i finalen møter dei franske lyon. finalen blir spelt på ullevaal stadion i oslo laurdag 23. mai. i finalen møter barcelona-spelarane graham hansen og martine fenger dei norske stjernene ingrid syrstad engen og ada hegerberg, som spelar for lyon.

    marerittkveld for syrstad engen i meisterligaen: – det er blytungt

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 26. april 2026 KL:18.24)
    ingrid syrstad engen var i sentrum då hennar ol lyonnes tapte mot arsenal i den første semifinalen i meisterligaen. to absurde situasjonar inne i eigen boks sørga for at arsenal kunne stikke av med sigeren. ol lyonnes opna best og jule brand sette inn kampens først mål etter 18 minutt. men på ein innøvd dødball svarar arsenal. heimelaget får frispark ute til venstre, eit godt stykke frå mål. mariona på arsenal slår eit lågt innlegg. ol lyonnes-målvakt endler blir forstyrra av arsenal spissen blackstenius, og klarar å fomle ballen forbi seg sjølv og mot målet. ingrid syrstad engen ser ut til å nå igjen ballen før den kryssar målstreken, men klareringa treff stolpen og trillar inn i målet. ho blir kreditert med sjølvmål. – det er blytungt å ryke på ein sånn goal på bortebane i semifinalen, sa tv 2 sin kommentator endre olav osnes. etter 83 minutt får syrstad engen ein dårleg pasning som ho prøver å redde inn. då kolliderer ho med målvakt endler, og olivia smith set inn arsenal sitt andre mål. arsenal vinn 2–1 mot ol lyonnes i den første kampen i meisterligaen.

    bayern münchen og barcelona står likt i semifinalen i meisterligaen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 25. april 2026 KL:20.13)
    bayern münchen og barcelona får likt utgangspunkt når dei møtest til sitt andre oppgjer i semifinalen i meisterligaen. laga møttest til første kamp i semifinalen laurdag. caroline graham hansen sitt barcelona tok leiinga tidleg i kampen. barcelona skåra etter åtte minutt. ewa pajor sette ballen direkte i mål etter eit innlegg. etter pausen skåra franzizka kett for heimelaget. det blei 1-1 i tyskland. finalen i meisterligaen blir spelt på ullevaal stadion i oslo i slutten av mai.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »