Hovedsiden

Liten annonse



    Marerittkveld for Syrstad Engen i Meisterligaen: – Det er blytungt

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 26. april 2026 KL:18.24)
    ingrid syrstad engen var i sentrum då hennar ol lyonnes tapte mot arsenal i den første semifinalen i meisterligaen. to absurde situasjonar inne i eigen boks sørga for at arsenal kunne stikke av med sigeren. ol lyonnes opna best og jule brand sette inn kampens først mål etter 18 minutt. men på ein innøvd dødball svarar arsenal. heimelaget får frispark ute til venstre, eit godt stykke frå mål. mariona på arsenal slår eit lågt innlegg. ol lyonnes-målvakt endler blir forstyrra av arsenal spissen blackstenius, og klarar å fomle ballen forbi seg sjølv og mot målet. ingrid syrstad engen ser ut til å nå igjen ballen før den kryssar målstreken, men klareringa treff stolpen og trillar inn i målet. ho blir kreditert med sjølvmål. – det er blytungt å ryke på ein sånn goal på bortebane i semifinalen, sa tv 2 sin kommentator endre olav osnes. etter 83 minutt får syrstad engen ein dårleg pasning som ho prøver å redde inn. då kolliderer ho med målvakt endler, og olivia smith set inn arsenal sitt andre mål. arsenal vinn 2–1 mot ol lyonnes i den første kampen i meisterligaen.

    absurde scener då verdseliten samla seg ein sist gong

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 25. april 2026 KL:14.53)
    Årets showrenn i Mosjøen gjekk av stabelen laurdag. Den mindre kjende bysprinten svingar seg gjennom dei smale, flate gatene i sentrum av metropolen Mosjøen, til stor glede for dei frammøtte. Og når nærmare 50 løparar frå verdseliten i langrenn, kombinert og skiskyting stilte til start, vart det også duka for kaos. Og aller mest kaos vart det når dei som ikkje kvalifiserte seg direkte frå kvartfinalen til semifinalen fekk ein ny sjanse i ein massestart. – Det å komme først ut her er ein kjempefordel her da, sa kommentator på HBO Max, Jan Christian Bjørn. 22 menn starta likt i ei løype der det knapt går an å passere i. Dei bakarste har i prinsippet ingen moglegheit for avansement. Men dette er show. – Det er stort, smart å rykke ned her og gå vidare, sa Oskar Opstad Vike etter ha vunne 22-mannssprinten, der berre førsteplassen gjekk vidare til finalen. Der klarte han ikkje å hevde seg. Julie Myhre vann i kvinneklassen. Johannes Høsflot Klæbo vann herreklassen. – Det er det hardaste startfeltet vi har hatt i Mosjøen nokon gang, trur eg. Det var så brutalt, sa Klæbo til HBO Max etterpå.



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »