Hovedsiden

Liten annonse
    Halvorsen med kjempestart i Italia – nordmenn jaktar på plass i majorturnering

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (torsdag 26. juni 2025 KL:13.32)
    andreas halvorsen ligg foreløpig i leiinga på første runde av golfturneringa italian open. med ei runde på fem slag under par leverte 28-åringen ein svært sterk opningsdag på halvøya monte argentario i toscana. halvorsen fekk sju birdiar og to bogeyar torsdag. kristoffer reitan spelar også turneringa i italia, men har ikkje gått ut på fyrste runde enno. han ligg allereie godt plassert på sesongrankinga og ligg an til å få ein debut i british open. (ntb)




    Skotheim skada – droppar deler av Bislett Games

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (torsdag 12. juni 2025 KL:17.15)
    sander skotheim kom med nedslåande nyheiter da han kom til bislett games på torsdag. – eg pådrog meg dessverre ein liten skade i går. allereie under det andre hoppet i lengde fekk eg ein dårleg landing, trur eg. men me er litt usikre på kva som skjedde der. i fjerde hoppet slo eg kneet ganske hardt bakover i landinga. eg har ganske vondt bak i knehasen i dag, seier skotheim til nrk. han og markus rooth har delteke saman som eit lag i trekampen i bislett games. på onsdag starta dei med lengde, før dei i utgangspunktet skulle springe 110 meter hekk og avslutte med spydkast på torsdag. – det blir dessverre ikkje noko hekk på meg, og så satsar eg på at eg klarer å kaste litt spyd, seier skotheim. skotheim fekk til eit hopp på 7,65 meter, medan rooth var den nest beste, med eit hopp på 7,67 meter. – det er synd. eg hadde gleda meg til å springe saman med han og fullføre som eit lag, me får håpe han får til å kaste spyd, men det gjer det litt vanskelegare i lagkonkurransen kanskje, seier rooth til nrk. skotheim avslører at han skal ta ei mr-undersøking fredag morgon for å kartlegge kva som er gale. – mest sannsynleg er det ikkje noko alvorleg, men eg er ikkje i stand til å springe hekk i dag dessverre, fortel skotheim. skotheim tok vm-gull innandørs i sjukamp i mars.


Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »