Hovedsiden

Liten annonse
    hamkam signerte ny spelar – avslørar at 18-åringen har trent under «falsk» namn

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (torsdag 26. juni 2025 KL:19.19)
    Nigerianaren Peter Sunday (18) signerte torsdag kontrakt med fotballklubben HamKam. Namnet fekk enkelte til å stusse. Sunday har trent med HamKam i ei lengre periode, og fekk sine fyrste minutt som innbytar i treningskampen mot KFUM. I lokalpressa har han likevel blitt omtala som Peter Monday. No viser det seg at han eigentleg heiter Sunday. «I ein fotballverd der alle er ute etter dei største talenta er det viktig å halde korta tett til brystet når ein finn spennande spelarar», skriv HamKam på eigne nettsider. – Det er heilt bevisst at vi har kalla han Peter Monday. Når du har eit slikt namn så er det enkelt å lage ein spøk på det og ha det litt moro, seier sportssjef Jørgen Bjørn. (NTB)

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »