Hovedsiden

Liten annonse
    Patrick Thoresen får rolle i Noregs Ishockeyforbund

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: Igår. - (tirsdag 19. august 2025 KL:12.03)
    det er berre nokre dagar sidan patrick thoresen la skøytene på hylla. no er han klar for ein ny rolle i noregs ishockeyforbund. han skal vere sportsleg ansvarleg for a-landslaget for menn, det kjem fram under pressekonferansen, tysdag. kontrakten byrjar alt i september og gjeld i to år. – me håpar at han kan bli forlenga, men der patrick er no med nyleg avslutta karriere, føler me det er fair for alle partar av me kjenner litt på kvarandre i ei ny rolle, seier generalsekretær petter salsten. – det er ein fin rolle for meg å gå inn i no rett etter karrieren. eg har spilt saman med mange av spelarane eg no skal samarbeide med, seier thoresen. thoresen skal ha dialog med aktuelle landslagsspelarar og deira klubblag. han skal også bidra med å tilsette trenarar og delta i uttak. – eg er takknemleg for å få denne sjansen, seier thoresen. 41-åringen gav seg som aktiv etter førre sesong. då var han ein del av djurgården i den svenske toppdivisjonen. han har også spelt for fleire storklubbar som philadelphia flyers (nhl), edmonton oilers (nhl) og ska st. petersburg (khl). hockeykjempa fekk 105 offisielle kampar i ol og vm for noreg. (nrk/ntb)

    Alpinstjerna blei verdsmeister i vinter – legg opp

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 8. august 2025 KL:07.35)
    austerrikske stephanie venier, som vann vm-gull i super-g i februar, avsluttar karrieren. «eg lo, eg gret, eg kjempa, eg tvilte. eg har falle – men reist meg opp kvar gong», skriv 31-åringen på instagram. i eit utsegn publisert av det austerrikske skiforbundet seier venier at «vilja ikkje er der» lenger. venier tok også bronse i lagkonkurransen under vm i februar i år. men har også eit vm-sølv i utfor frå 2017. (ntb)

    Hovland klatrar i British Open etter kjempestart: – Tilbake der vi likar å sjå det

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 18. juli 2025 KL:12.21)
    viktor hovland kom knallsterkt i gang med tre strake birdiar på 2. runde i british open. torsdag spilte hovland seg til ein eagle på hol to, men mista rytmen og avslutta opningsrunden to slag over par etter tre strake bogeyar. dagen deretter var hovland tilbake i rå form. etter ein sterk birdie på hol éin følgde han opp med birdie også på de to neste. – det er eit grunnivå på viktor som er tilbake der vi liker å sjå det nå, sa viaplay sin kommentator joakim mikkelsen etter hovland sin tredje strake birdie. hovland ligg fire slag bak amerikanaren harris english i teten. kristoffer reitan startar sin andre runde rundt klokka 15 norsk tid. han ligg eit slag over par etter første runde. (ntb)

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »