Hovedsiden

Liten annonse
    Kashafali sprang inn til uoffisiell verdsrekord: – Det var ikkje varsla at eg skulle springe så fort

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (tirsdag 19. mai 2026 KL:19.38)
    salum kashafali sprang inn til uoffisiell verdsrekord for parautøvarar i t13-klassa då han sesongdebuterte på 100 meter på kfum nasjonalt stemne på tysdag. kashafali sprang inn på tida 10.34, som er personleg rekord. hans tidlegare rekord er på 10.38. – det er det beste eg har sprunge nokosinne, seier kashafali til nrk. han slo også verdsrekorden i t13-klassen, men tida er uoffisiell. – grunnen til at det ikkje er offisielt, er at det ikkje var varsla at eg skulle springe så fort. kashafali forklarar at det heller ikkje var testarar eller kontrollørar frå antidoping til stades. tida 10.34 er også norsk bestenotering for funksjonsfriske denne sesongen. – dette er eit bra utgangspunkt. det er ei god opning. det lovar veldig bra. det er ein lang sesong, seier kashafali og held fram: – det er den beste sesongstarten eg har hatt. eg trudde ikkje det var mogleg å springe så fort så tidleg for meg.

    Knotten skal operere om åtte veker

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (tirsdag 19. mai 2026 KL:13.09)
    skiskyttar karoline knotten fortel til nrk at ho skal opererer blindtarmen om åtte veker. knotten vart sjuk under verdscupen i holmenkollen og etter kvart blei det oppdaga ein infisert og sprokken blindtarm. ho seier at ho vart overraska over at operasjonen ikkje skjedde med ein gong. – at min har vore der i to månader er litt rart. men det er jo mange grunnar til det. kanskje at den ligg litt høgt oppe. eg er ikkje lege, men eg har lært mykje om det og eg forstår det ikkje heilt, seier knotten til nrk. ho forklarar vidare at ein ventar på at hevelsen skal gå ned før operasjonen finn stad. knotten forventar å kunne trene for fult igjen tre veker etter operasjonen. ho seier at uvissa før man fann årsaka til magesmerta var verst og at ho i periodar har vore redd. – det er jo faktisk mykje betre enn å gå rundt og lure. man blir jo litt redd, men det trur eg man alltid er. når du sit på sjukehussenga der med mamma din på sida, som er lei seg og stressa, så er jo ikkje det noko gøy heller.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »