Hovedsiden

Liten annonse


    Haaland assisterte draumemål då Manchester City vann FA-cup finalen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 16. mai 2026 KL:17.56)
    på fotballens nasjonaldag her i noreg var det duka for fa-cup finale i england mellom chelsea og manchester city. erling braut haaland heldt på å straffe chelsea midt i den første omgangen då han rappa ballen på kanten av 16-meteren. men vinkelen vart for spiss og skotet gjekk til side for mål. like etter spelte matheus nunes nordmannen på blank kasse og haaland hadde få problem med å score, men førstnemnde var i offside i situasjonen før. elles var den første timen ein sjansefattig affære. og det måtte noko heilt spesielt til for å få ballen lovleg i nettmaskene. etter 72 minutt blir haaland spelt gjennom på kanten av 16-meteren. han slår hardt inn langs bakken. inne framfor mål hælsparkar antoine semenyo innlegget lekkert bort i lengste hjørnet. 1–0. i dei etterfølgande minutta bølgar kampen fram og tilbake, der chelsea er nærme på eit innlegg. men ingen av laga klarar å få ein ny ball i nota. manchester city vinn kampen 1–0 og tek sitt åttande fa-cup trofé i historia.


    Serieleiar Tromsø med uavgjort mot sisteplassen – Viking pustar dei i nakken

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 3. mai 2026 KL:18.57)
    det blei uavgjort då tromsø, som toppar tabellen, og start, som er på sisteplass, møttest til kamp i eliteserien søndag. det første målet kom etter 33 minutt. tobias guddal skalla ballen vidare til jens hjertø-dahl, som sette ballen kontrollert rett i hjørnet for til. heimelaget kom derimot sterkare tilbake etter pausen. erlend segberg sørgde for utlikning då han fekk ballen i mål. kampen enda 1–1. etter søndagens kamp ligg tromsø berre to poeng framfor viking, som har to kampar mindre spelt.



    Gigantane på desperat poengjakt: – Det kan ikkje gjerast betre

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 25. april 2026 KL:19.53)
    to gigantar på nedre halvdel var på desperat poengjakt då brann gjesta rosenborg i trondheim. ein fartsfylt kamp som hadde det meste, også eit kraftig snøvêr. – minner meir om ein desemberkamp dette her i augneblinken, slik snøen ligg tett over lerkendal, meldte victor kjeldstad for ntb. før kvarteret var omme fann rosenborgs emil konradsen ceïde ein iver fossum aleine framfor mål. midtbanespelaren hadde få problem med å sette inn leiarmålet frå kloss hold. berre fem minutt seinare fekk brann eit frispark i farleg posisjon. venstrevingen til brann, jón dagur thorsteinsson, var eigentleg ikkje tenkt å starte kampen. men det gjorde han, og viste seg tilliten verdig. frå 20 meter sende islendingen ballen over muren og inn i nærmaste kryss. eit kunstverk av eit frispark. – det kan ikkje gjerast betre, sa ekspertkommentator i tv 2, jesper mathisen. intensiteten var høg kampen gjennom og brann skapte dei farlegaste sjansane. men fleire mål vart dei ikkje. det enda uavgjort i ein kamp der begge jakta tre poeng. rosenborg ligg på 12. plass med fem poeng etter seks kampar. brann er plassen bak, og har fire poeng.



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »