Hovedsiden

Liten annonse
    Haaland assisterte draumemål då Manchester City vann FA-cup finalen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: Igår. - (lørdag 16. mai 2026 KL:17.56)
    på fotballens nasjonaldag her i noreg var det duka for fa-cup finale i england mellom chelsea og manchester city. erling braut haaland heldt på å straffe chelsea midt i den første omgangen då han rappa ballen på kanten av 16-meteren. men vinkelen vart for spiss og skotet gjekk til side for mål. like etter spelte matheus nunes nordmannen på blank kasse og haaland hadde få problem med å score, men førstnemnde var i offside i situasjonen før. elles var den første timen ein sjansefattig affære. og det måtte noko heilt spesielt til for å få ballen lovleg i nettmaskene. etter 72 minutt blir haaland spelt gjennom på kanten av 16-meteren. han slår hardt inn langs bakken. inne framfor mål hælsparkar antoine semenyo innlegget lekkert bort i lengste hjørnet. 1–0. i dei etterfølgande minutta bølgar kampen fram og tilbake, der chelsea er nærme på eit innlegg. men ingen av laga klarar å få ein ny ball i nota. manchester city vinn kampen 1–0 og tek sitt åttande fa-cup trofé i historia.

    Pogacar tok sin tredje strake monument-siger – Tobias Halland Johannessen imponerte

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 26. april 2026 KL:15.51)
    ingen kunne stoppe tadej pogacar under liège – bastogne – liège søndag, ofte omtalt som sesongens hardaste eindagsritt. – det er ein atombombe som skjer no opp côte de la redoute, kom det frå tv 2 kommentator mads kaggestad. det var då tadej pogacar rykka ifrå feltet, 34 kilometer frå mål. og med seg fekk han 19-åringen paul seixas. ungguten var på bakhjula ei god stund, men når det stod att 14 kilometer klarte han ikkje henge på den slovenske verdseinaren. dette var pogacar sin tredje strake siger i rittet, fjerde totalt. det var knytt store forventningar til tobias halland johannessen, som før start drøymde om ein topplassering. – topp ti hadde vore veldig stort, og ligg ein topp 10 kan alt skje, sa han til nrk. halland johannessen var med heile vegen inn i kampen om ein topplassering, men kom seg ikkje fram i spurten. han enda på 9. plass. – det er by far det beste eindagsrittet, kom det frå christian paasche om nordmannens prestasjon. det er den nest beste norske plasseringa i rittet gjennom historia. berre tredjeplassen til dag erik pedersen frå 1986 er betre.


Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »