Hovedsiden

Liten annonse
    Reiten vinn ligaen i England – sjette strake seriemeisterskap for Chelsea

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: Igår. - (onsdag 30. april 2025 KL:23.12)
    chelsea og guro reiten er nok ein gong seriemeister i england etter at dei onsdag kveld slo manchester united 1–0 på bortebane i superligaen. målet kom på eit hjørnespark, der lucy bronze var høgast inne i felte og kunne styre ballen i mål med hovudet, eit kvarter før full tid. guro reiten starta på benken for chelsea, men vart bytta inn like etter at london-laget hadde teke leiinga 1–0. dette er sjette gong på rad at blåtrøyene vinn serieligaen i england, sjølv om 2017-sesongen ikkje er ein offisiell tittel, då det vart spelt ein avkorta og ikkje full sesong. celin bizet ildhusøy var den einaste norske som var med i startoppstillinga for manchester united, medan elisabeth terland kom inn på bana etter 62 minutt. lise fjeldstad naalsund vart bytta inn på tampen av kampen. arsenal tapte tidlegare onsdag kveld 2–5 mot aston villa og hadde med det meir eller mindre skreve seg ut av tittelkampen. chelsea trengde berre eit poeng for å sikre seg tittelen mot united i kveld – to rundar før sesongslutt.


    Horneland i fransk drama: Kamp stoppa etter skandalescener

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 20. april 2025 KL:21.37)
    rivaloppgjeret mellom saint etienne og lyon blei avbroten like før pause då ein gjenstand trefte assistentdommaren i hovudet. det kunne sjå ut til at det var ein mynt som blei kasta. eirik horneland er trenaren til saint etienne som er i djup poengnaud for å ikkje rykke ned frå den øvste divisjonen i frankrike. etter ti minuttar sende lucas stassin saint etienne i leiinga. hornelands lag låg på 17. plass på tabellen før kampen. det var seks poeng opp til trygg grunn.


Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »