Hovedsiden

Liten annonse
    Sørloth-scoring i Madrid-derbyet

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 27. september 2025 KL:18.20)
    alexander sørloth teikna seg på scoringslista i det som er blant dei største kampane i sesongen for atlético madrid. heimelaget låg under 1–2 rett før pause mot real madrid etter scoringar av kylian mbappé og arda güler. men så dukka sørloth opp. inne i feltet heada han inn utlikninga for atletico. det er nordmannens andre scoring for klubben denne sesongen. etter pause scora julian alvarez to gonger for heimelaget, før antoine griezmann sørgde for at atlético madrid vann derbyet 5–2. atletico er no seks poeng bak real madrid som toppar tabellen.

    Liverpool tapte på overtid

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 27. september 2025 KL:18.07)
    med berre sekund igjen av kampen rauk den ubesigra rekka til liverpool. i første omgang scora ismaïla sarr for heimelaget, og liverpool skal prise seg lykkelege for at dei hadde alisson becker i mål, for palace kunne fint leia med fleire mål. etter pause spelte ligaleiaren betre. like før fulltid viste federico seg som ein superinnbytar da han sette inn utlikninga. etter 96 minutt banka eddie nketiah inn sigersmålet. liverpool hadde vunne alle dei fem første kampane i ligaen, men mot crystal palace sa det stopp. liverpool er framleis på toppen av tabellen.

    Durasovic knust i Davis cup

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 13. september 2025 KL:08.44)
    viktor durasovic fekk det svært tøft mot tseng chun-hsin og tapte 0–2 i sett. begge setta enda med 1–6-tap for nordmannen. nicolai budkov kjær vann det første oppgjeret mot taiwan, men no står det altså likt. dei spelar best av fem oppgjer. kampane i davis cup ser du på nrk.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »