Hovedsiden

Liten annonse

    tok grep før sheeran-konsert – må så nytt gras

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (onsdag 30. juli 2025 KL:11.09)
    ullevaal stadion må så nytt gras på nasjonalanlegget etter dei to konsertane til artisten ed sheeran i helga. leiar for fotball i ullevaal stadion, carl bernhard svenke, seier at det heile var planlagt på førehand. – vi tok av graset før konsertane slik at det ikkje skulle råtne under platene som blei lagt over. vi startar å så ny matte denne veka, seier svenke til nrk. ed sheeran spelte for ein stappfull stadion to dagar på rad. 74.000 billettar blei til saman selt til konsertane. spørsmålet er no om bana er klar til noregs viktige vm-kvalifiseringskamp mot moldova i september. – tidslinja vår er at bana blir klar til trening her for landslaget den 3. september, dagen før privatkampen mot finland. vi treng den tida, seier svenke. 9. september møter landslaget moldova i vm-kvaliken i oslo. på spørsmål om ullevaal stadion vil arrangere liknande konsertar i framtida svarar svenke: – sidan vi la ny matte i fjor, og at dette er første gang, kan eg svare om to-tre månader. vår intensjon er at det skal passe i kalenderen til fotballen, og at det er rett artist. vi sit alle igjen med eit positivt inntrykk, men det er fotballen som er premissgjevar her, seier svenke.































    slo tilbake etter pipekonsert

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (mandag 30. juni 2025 KL:20.56)
    eit frustrert publikum buet og sende brann i garderoben med pipekonsert mot sandefjord i pausen, men då joachim soltvedt scora i sluttminutta og sikra tre poeng var nok alt tilgitt. – denne kampen her må vi lære litt av. det er ein dårleg kamp av oss, sa matchvinnaren til tv 2 etter kamp. brann klatrar med sigeren måndag forbi rosenborg og opp på sølvplass i eliteserien. laget ligg sju poeng bak serieleiar viking. trass at «vi vinnar serien i år» til tider runga over brann stadion, var det tydleg eit skuffa heimepublikum som sende laga i garderoben til pause. – dei kan pipe viss dei vil. vi gjere vårt beste. vi prøver og vinne og så er vi ikkje heilt skarpe nok framfor mål. vi har iallfall lukka igjen og så har vi ein omgang igjen, så alt kan skje, sa felix horn myhre til tv 2 i pausen. brann-trenar freyr alexandersson fekk spørsmål om pipekonserten var fortent. – det synst eg ikkje, men folk må ha sine haldningar, svarte islendingen til tv 2. pipekonserten frå dei over 15.000 tilskodarane var ikkje til å misforstå. heller ikkje gjestane frå sandefjord varta opp med festfotball i første del av kampen. gjestane fekk eit mål annullert i første omgang for offside.





Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »