Hovedsiden

Liten annonse
    vålerenga klare for finale etter kontroversar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 28. september 2025 KL:17.53)
    vålerenga tok seg til cupfinalen etter å ha vunne 2–1 mot brann, men det var ikkje utan kontroversar. for karina sævik blei felt to gonger i motstandarens sekstenmeter og var krystallklar i pausen på kva ho synest om den første situasjonen. – det er openbert for alle som kan fotball at det er straffe. eg spurte dommaren etterpå om det er lov til å springe folk ned bakfrå og fekk ikkje noko svar på det, så det er tydelegvis lov, sa vålerenga-spelaren til nrk i pausen. i andre omgang skjedde det igjen. sævik blei riven i trøya og sparka i foten inne i boksen. – det er jo straffe det. mister jo heile balansen, både med haldinga og sparket i foten, seier nrks fotballekspert carl-erik torp. like etter pause sette diljá zomers inn leiinga for brann. halvvegs i andre omgang utlikna olaug tvedten. med dryge ti minutt att fekk heimelaget straffespark. den sette elise thorsnes i mål. – eg er framleis forbanna. eg synest det er dårleg dømt, båe dei situasjonane. men ho klarer det på tredje forsøk å dømme rett, me vinn i dag, så det får vere greitt, seier sævik etter kampen. vålerenga møter rosenborg i cupfinalen. den blir spelt 23. november og blir sendt på nrk 1.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »