Hovedsiden

Liten annonse

    Fannemel og Søberg inn i teamet rundt hoppgutane

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 14. juni 2025 KL:13.22)
    anders fannemel og sigurd søberg får sentrale roller rundt hoppgutane i ol-sesongen, det melder noregs skiforbund i ei pressemelding. fannemel, som har vore trenar for a-landslaget mot slutten av førre sesong, blir trenar for landslaget saman med hovudtrenar, rune velta. søreng får hovudansvar for hoppdressar i rolla som science-konsulent. han skal også bidra som ein trenarressurs. – anders gjorde ein solid jobb under vanskelege forhold mot slutten av førre sesong. han veit kva som krevjast for nå helt til topps som utøvar og har tidleg vist at han har kvalitetar som trenar vi i hopp-noreg vil dra stor nytte av i tida som kjem. det seier sportssjef jan-erik aalbu og held fram: – sigurd er ein allsidig ressurs som vil bidra både rundt hoppdressar og på trenarsida. vi har eit lite, men svært dedikert team som kan dekkje mange roller. rune velta blei nyleg tilsett som hovudtrenar for 2025/26-sesongen.







    Poengterer viktigheita av Noreg-kampen: – Vår tøffaste motstandar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (tirsdag 3. juni 2025 KL:17.51)
    kven som kvalifiserer seg til vm i 2026 avheng stort av fredagens kamp på ullevaal. vinnaren av gruppa går direkte til vm i usa, canada og mexico. – det er ein viktig kamp. me møter vår tøffaste motstandar. me førebur oss på å vere på vårt beste, for me veit at for å kvalifisere så er det mykje som avheng av denne kampen, sa giovanni di lorenzo da han møtte pressen før italia møter noreg. napoli-spelaren fortel at italia er førebudd på å forsvare seg som ein eining for å stoppe det han meiner er noregs farlegaste våpen. – me er klar over dei gode spelarane noreg har. som haaland, ødegaard og sørloth. det er kvalitetsspelarar. noreg fekk ein draumestart på vm-kvalifiseringa ved å slå moldova og israel på bortebane. italia spelar sin første kvalifseringskamp når dei møter noreg. kampen på fredag kan du høyre på nrk sport frå 20.15. kampstart er 20.45.








Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »