Hovedsiden

Liten annonse




    Dei engelske laga vidare i Europa

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, April 16, 2026 KL:22:58)
    aston villa og nottingham forest tok seg vidare frå kvartfinale i europaligaen, medan crystal palace tok seg vidare i serieligaen. det stod likt mellom nottingham forest og porto før torsdagens oppgjer. berre åtte minutt var spelt då jan bednarek fekk raudt kort etter å ha stempla wood i kneet. bortelaget var derfor med ein mann mindre. jørgen strand larsen kom på banen etter pausen i kampen mellom palace og fiorentina. det engelske laget hadde eit solid forsprang frå førre kamp, men fiorentina klarte å gjere det spennande på heimebane. det italienske laget vann kampen 2-1, men det var ikkje nok til å ta att forspranget. etter to kampar blei det samanlagt 4-2 til crystal palace. det utnytta heimelaget som skåra etter 12 minutt. morgan gibbs-white fyrte av frå 20 meter. i kampen mellom aston villa og bologna hadde villa eit solid forsprang frå førre kamp. med fire nye mål i det andre oppgjeret, tok det engelske laget seg vidare til semifinale etter samanlagt 7-1. i semifinalen i europaligaen møter dei engelske laga kvarandre, då skal nottingham forrest spele mot aston villa.




    Patrick Thoresen får rolle i Noregs Ishockeyforbund

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, August 19, 2025 KL:12:03)
    det er berre nokre dagar sidan patrick thoresen la skøytene på hylla. no er han klar for ein ny rolle i noregs ishockeyforbund. han skal vere sportsleg ansvarleg for a-landslaget for menn, det kjem fram under pressekonferansen, tysdag. kontrakten byrjar alt i september og gjeld i to år. – me håpar at han kan bli forlenga, men der patrick er no med nyleg avslutta karriere, føler me det er fair for alle partar av me kjenner litt på kvarandre i ei ny rolle, seier generalsekretær petter salsten. – det er ein fin rolle for meg å gå inn i no rett etter karrieren. eg har spilt saman med mange av spelarane eg no skal samarbeide med, seier thoresen. thoresen skal ha dialog med aktuelle landslagsspelarar og deira klubblag. han skal også bidra med å tilsette trenarar og delta i uttak. – eg er takknemleg for å få denne sjansen, seier thoresen. 41-åringen gav seg som aktiv etter førre sesong. då var han ein del av djurgården i den svenske toppdivisjonen. han har også spelt for fleire storklubbar som philadelphia flyers (nhl), edmonton oilers (nhl) og ska st. petersburg (khl). hockeykjempa fekk 105 offisielle kampar i ol og vm for noreg. (nrk/ntb)




    Dro ned shorts på motstandar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, April 19, 2025 KL:18:35)
    i oppgjeret mellom crystal palace og bournemouth blei det så høg temperatur at justin kluivert valde å dra av shortsen til ismaïla sarr. situasjon hende like etter pause då palace lagde eit frispark. sarr valde å stille seg framfor kluivert for å hindre han i å sette i gang raskt. medan palace-spelaren stod framfor kluivert tok nederlendaren tak i shortsen til sarr og drog han ned på knea. sarr stod der dermed i berre undertøyet. og hadde ikkje nemneverdig hastverk med å dra dei opp igjen, og valde heller å signalisere til dommaren kva som hadde hendt. kluivert og sarr begynte deretter å dytte på kvarandre. hovuddommar samuel barrott valde å gi båe spelarane gult kort for situasjonen. kampen enda 0–0.




    Norge møter Danmark i finalen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, December 13, 2024 KL:22:04)
    danmark blir norge sin motstandar i em-finalen i handball søndag kveld. det er klart etter at danmark slo frankrike 24–22 i semifinalen fredag kveld. danmark-keeper anna kristensen storspelte og hadde fleire avgjerande redningar i den tette semifinalen. tidlegare same kveld hadde norge knust ungarn 30–22. norge og danmark møtte kvarandre også i em-finalen i 2022. då vann norge 27–25. søndagens finale blir thorir hergeirsson sin siste som norsk landslagssjef.




    Innbytar redda siger for Nederland etter polsk sjokkopning

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, June 16, 2024 KL:16:52)
    wout weghorst kom inn ti minutt før full tid og gjorde jobben som sikra at nederland slo polen 2–1 i em i tyskland. ikkje uventa var det nederland som tok grep frå start mot eit polen som måtte starte utan ein skada robert lewandowski på topp. men i det 16 minutt sende erstattar adam buksa sjokkbølge gjennom den nederlandske fansen. piotr zielinski slår eit perfekt hjørnespark mot den polske spissen. i duell med dumfries er buksa råsterkt, før han med hovudet styrer ballen i det lengste hjørnet. nederland kjende nok på forventingane til dei oransjekledde på tribunen i hamburg. i sin landskamp nummer 25 feira cody gakpo med å utlikne like før halvtimen var spelt. aké vinn ballen høgt i det polen prøver å spele seg ut bakfrå. venstrebacken spelar vidare til gakpo, før han fyrer mot mål, via beinet til salamon og i mål. dei to laga har aldri tidlegare møtt kvarandre i eit internasjonalt meisterskap.



    Innbyttar Saltnes redda Glimt

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, April 6, 2024 KL:19:57)
    bodø/glimt og viking har for vane å score mange mål mot kvarandre, men laurdag kveld var det oppsiktsvekkande målfattig mellom laga som «alltid» lagar målfest. i dei fire kampane glimt og viking hadde spelt mot kvarandre før laurdagens oppgjer, var målsnittet på sju mål per kamp. denne gangen såg det lenge ut til å bli 0-0. men i det 82. minutt steig innbyttar ulrik saltnes til værs på eit frispark og fekk stanga inn ei etterlengta leiing. bodø/glimt risikerte å gå mållause av banen for første gang på 15 seriekampar, men kan takke 31-åringen saltnes for at det ikkje skjedde. glimt vann 1-0, har seks poeng på to kampar og leier tabellen før resten av den andre serierunden er ferdigspelt.

















Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »