Hovedsiden

Liten annonse

    vålerenga køyrte over bodø/glimt – brann-helt isaksen i tårer etter måldobbel og skade

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 14. juni 2025 KL:17.54)
    Thea Bjelde sende Vålerenga i leiinga på overtid i den fyrste omgangen mot Bodø/Glimt på Aspmyra. Ikkje lenge etter kvilen la Tvedten på til 2–0. Karina Sævik med målgivande pasning då skotet frå Tvedten gjekk via eit Glimt-bein og i ein boge over Glimt-keeper Aubrei Corder. Monica Isaksen blei avgjerande då Brann slo Hønefoss med same siffer, men måtte byttas ut rett etter at ho hadde scora sitt andre mål. På sidelinja brast ho ut i gråt. – Eg var sliten og hadde vondt i kroppen. Det går betre nå, sa Isaksen til TV 2 etter kampen. Vålerenga er serieleiar med 33 poeng etter 13 kampar. Brann er poenget bak. (©NTB)

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »