Hovedsiden

Liten annonse
    reiten vinn ligaen i england – sjette strake seriemeisterskap for chelsea

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: Igår. - (onsdag 30. april 2025 KL:23.12)
    chelsea og guro reiten er nok ein gong seriemeister i england etter at dei onsdag kveld slo manchester united 1–0 på bortebane i superligaen. målet kom på eit hjørnespark, der lucy bronze var høgast inne i felte og kunne styre ballen i mål med hovudet, eit kvarter før full tid. guro reiten starta på benken for chelsea, men vart bytta inn like etter at london-laget hadde teke leiinga 1–0. dette er sjette gong på rad at blåtrøyene vinn serieligaen i england, sjølv om 2017-sesongen ikkje er ein offisiell tittel, då det vart spelt ein avkorta og ikkje full sesong. celin bizet ildhusøy var den einaste norske som var med i startoppstillinga for manchester united, medan elisabeth terland kom inn på bana etter 62 minutt. lise fjeldstad naalsund vart bytta inn på tampen av kampen. arsenal tapte tidlegare onsdag kveld 2–5 mot aston villa og hadde med det meir eller mindre skreve seg ut av tittelkampen. chelsea trengde berre eit poeng for å sikre seg tittelen mot united i kveld – to rundar før sesongslutt.



    Barcelona med knallsterkt utgangspunkt

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 20. april 2025 KL:19.58)
    barcelona knuste chelsea 4–1 i det første semifinale-oppgjeret i meisterligaen mot chelsea. ewa pajor scora i første omgang og claudia pina medina dobla leiinga i andre omgang. med knappe 20 minutt att reduserte sandy baltimore. med rundt ti minutt igjen å spele heada irene paredes inn barcelonas tredje. heilt mot slutten av kampen la pina på til 4–1. caroline graham hansen starta kampen, medan ingrid syrstad engen kom inn like før pause for heimelaget. guro reiten kom inn og fekk ein halvtime på banen for chelsea.

    City med viktig siger utan Haaland og Bobb

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 19. april 2025 KL:17.52)
    dei regjerande meistrane stanga lenge, men med dryge fem minutt igjen av ordinær tid losna det. matheus nunes la inn frå høgre og inne framfor mål sette nico o`reilly (20) inn leiinga. på overtid la mateo kovacic på til 2–0. bortelaget måtte klare seg utan erling braut haaland, som er ute med ankelskade til slutten av sesongen. heller ikkje oscar bobb var ein del av troppen mot everton. bobb har vore ute store delar av sesongen med skade, men har vore tilbake på benken igjen dei siste kampane. det var difor overraskande at han ikkje var ein del av kamptroppen mot everton. det er uvisst kva som var årsaka til fråværet. sigeren til manchester city gjer at dei klatrar opp til 4. plass på tabellen. dei fem øvste er sikra meisterliga-spel neste sesong. andre resultat i premier league denne serierunden: west ham – southampton 1–1 brentford – brighton 4–2 crystal palace – bournemouth 0–0

    Ruud knust av rivalen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 18. april 2025 KL:14.46)
    holger rune vant soleklart 6-4, 6–2 i kvartfinalen mot casper ruud i barcelona. – ruud kjem ikkje opp på sitt beste nivå. det blir for mykje feil med forehand, seier tennisekspert i tv 2, christer francke. ruud har møtt dansken sju gonger tidlegare og har berre tapt ein gong, men det fekk rune gjort noko med på fredag. – det betyr mykje. eg spelte ein veldig god kamp i dag. eg har stor respekt for casper. han er ein veldig god spelar, så eg er veldig fornøgd med å slå han i dag. seier rune etter kampen. det blei ein frykteleg start på kampen for nordmannen som er regjerande meister i grusturneringa i barcelona. holger rune fekk det meste til å sitte til å begynne med og leia heile 4–0. men ruud vakna undervegs og klarte å bryte serven til rune, men dårlege starten blei skjebnesvanger og rune klarte å halde forspranget inn og serva inn 6–4 i det første settet. – holger rune fortener å vinne det her opningssettet, synest eg, seier tenniskommentator i tv 2, sverre krogh sundbø. tungt går det også i starten av det andre settet og rune bryt to gonger og går opp i ein 4-1-leiing. – han blir slått i stykkar, seier krogh sundbø etter at rune vinn eit poeng og pressar ruud.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »