Hovedsiden

Liten annonse

    Jæger: Tok NM-gull på 400 meter

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (torsdag 23. juli 2026 KL:21.59)
    henriette jæger innfridde forventningane og tok gullet på 400-meteren under nm i friidrett i trondheim. 23-åringen, som nyleg sette noregsrekord med 49,15 under diamond league i london, krysset mållinja på tida 50,41. – det ser greitt ut. eg er fornøgd, sa jæger om tida si etter løpet. likevel var det ikkje heilt slik ho såg for seg at løpet skulle bli. – dei som kjenner meg veit at eg kan bli litt lei meg når eg ikkje heilt får til det eg ynskjer. eg hadde lyst til å sjå 49-talet i dag, det er ikkje så rart det. men eg gav mitt i dag og så var det her det heldt til, utdjupar ho. sjølv om jæger ikkje var fornøgd med resultatet, sette ho ny meisterskapsrekord på distansen. – det nærmar seg eit em, korleis kjennest det ut no for deg? – det kjennest bra ut, eg glede meg mykje, la ho kort til. em i friidrett startar 10. august og tar plass i birmingham. mor og trenar unn merete jæger var fornøgd med dottera si prestasjon, trass vêret under meisterskapen. – forholda er vel ikkje heilt optimale, det er ganske kaldt og litt regntungt, men eg synest ho setter saman eit veldig godt løp. under litt tunge forhold så er det her veldig bra.

    Noregs raskaste har talt: Fremstad-Waldron og Rønningen tok NM-gull

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (torsdag 23. juli 2026 KL:20.16)
    under opningsdagen av nm i friidrett i trondheim var det knytt stor spenning til sprintduellen og kven som eigentleg er noreg sin raskaste mann. feltet låg jamt ute frå startblokkene ein liten stund, men halvvegs i løpet sette per tinius fremstad-waldron inn eit ekstra gir, og tok sigeren med tida 10,35 på 100-meteren. like bak kom salum ageze kashafali inn på tida – målet for denne sesongen er å kvalifisere til em, så det er viktig å få ein god tid her, sa fremstad-waldron til nrk etter løpet. på kvinnenes 100 meter var det helene rønningen som stakk av med sigeren på tida 11,57. dette er hennar fjerde nm-gull på distansen. ein ekstra sterk opptur etter eit år ho sjølve har beskrive som brutalt. – veldig deilig! eg er veldig stolt over meg sjølv og at eg klarer å gjennomføre det veldig greitt, med tanke på at eg hadde ein elendig start, sa rønningen til nrk under noregsmeisterskapen i fjor pådrog ho seg to beinbrot, då ho slengde seg over målstreken. – korleis er det å få til dette her, når vi har det som skjedde i fjor friskt i minne? – eg føler meg sterkt mentalt som klarer å kome tilbake igjen, sidan det blei såpass mykje trøbbel etterpå. så eg er veldig stolt over at eg har kome i såpass god form og vinnar her i dag.


    Tapte leiinga på tampen – enda med norsk bronse

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 11. juli 2026 KL:16.43)
    dei norske orienteringsløparane enda opp med bronse på laurdagens blanda sprintstafett i vm. det norske laget sikra den siste pallplassen etter at ankerkvinne pia young vik måtte sjå seg slått av både sveits og sverige heilt på tampen av løpet. noreg var med i teten heilt frå start då victoria hæstad bjørnstad sprang inn til ein god tredjeplass på den første etappen. etter eit mindre tidstap innleiingsvis på den andre etappen, henta eirik langedal breivik inn att det tapte med eit sterkt løp og sende noreg opp i leiinga. kasper harlem fosser heldt fram i eit høgt tempo og gav young vik ei luke på eit halvminutt ut på sisteetappe. – eg hadde lova pia 45 sekunders leiing ut på sisteetappe. no gav eg henne berre 30 sekund, og då vart det litt for tøft, sa kasper fosser etter løpet. i den steikande sommervarmen vart sveits og sverige for sterke på tampen, men bronsemedaljen gjer at pia young vik blir den einaste utøvaren som tek medalje i samtlige øvingar i meisterskapen. medaljen kom på den aller siste dagen av vm i genova. pallplasseringar: 1. sveits: 1.03.14,9 2. sverige: 1.03.35,0 3. noreg: 1.03.53,5


    Herja med Curaçao - nå kan Noreg bli neste VM-motstandar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (torsdag 25. juni 2026 KL:23.57)
    elfenbeinskysten vann 2-0 over curaçao og sikra andreplassen i gruppe e. det afrikanske laget kan difor bli noregs motstandar i ein 16.-delsfinale i vm. allereie etter sju minutt spelt gjekk elfenbeinskysten opp i leiinga og festa eit grep om andreplassen i gruppa. yan diomande gjorde forarbeidet og fann nicolas pépé i feltet som sette ballen nedst i høgre hjørne. med det fekk pépé også si fyrste skåring i meisterskapet. curaçao hadde fleire gode overgangsmoglegheiter i fyrste omgang, men det skulle ikkje lukkast for vm-debutanten. i andre omgang fekk pépé ein sjanse til å doble leiinga. han fekk ein pasning av ibrahim sangaré før han sette ballen opp i venstre hjørnet. elfenbeinskysten vann til slutt 2-0 og sikrar seg andreplass i gruppa. det afrikanske laget kan møte noreg i ein 16.-delsfinale, dersom noreg tapar eller spelar uavgjort mot frankrike på fredag.

    Mexicos keeperlegende bytt inn i ny siger: – Velfortent hyllest

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (torsdag 25. juni 2026 KL:04.56)
    guillermo ochoa (40) fekk eit høgt hylla innhopp for mexico i 3-0-sigeren over tsjekkia. mexicanarane var allereie gruppevinnar, mens tsjekkia no er ute. etter ein start på kampen utan dei store sjansane, fekk vertsnasjonen hol på byllen ti minutt etter pause. det starta på mexico sin halvdel, før romo spelar gjennom mateo chávez som hamna aleine mot keeper. han sikra mexico sitt første mål i kampen. seks minutt etter skåra julián quiñones det andre målet for mexico. eit fullsett azteca var storfornøgde med leiinga, men kvarteret før slutt fekk dei noko nytt å juble for då keeperlegende guillermo ochoa blei bytt inn. han har vore involvert i seks vm-sluttspel, men berre spelt i fire. – det var eit rørande augneblikk. han kjem inn i sitt sjette verdsmeisterskap og får ein velfortent hyllest, seier nrks ekspert under vm, vegard moberg. tre minutt på overtid kom den tredje skåringa for heimelaget. álvaro fidalgo sette ballen i mål etter ein lang ball frå ochoa.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »