Hovedsiden

Liten annonse
    Horneland i fransk drama: Kamp stoppa etter skandalescener

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 20. april 2025 KL:21.37)
    rivaloppgjeret mellom saint etienne og lyon blei avbroten like før pause då ein gjenstand trefte assistentdommaren i hovudet. det kunne sjå ut til at det var ein mynt som blei kasta. eirik horneland er trenaren til saint etienne som er i djup poengnaud for å ikkje rykke ned frå den øvste divisjonen i frankrike. etter ti minuttar sende lucas stassin saint etienne i leiinga. hornelands lag låg på 17. plass på tabellen før kampen. det var seks poeng opp til trygg grunn.

    Rekdal med krass pausekritikk: Poengdeling mot opprykksrivalen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (mandag 31. mars 2025 KL:20.53)
    det enda 2–2 då 1. divisjon braka i gang med to av opprykksfavorittane i aalesund og lillestrøm. aalesund-trenar kjetil rekdal likte ikkje det han såg frå laget før pause. – me har vore elendige, synest eg. me har vore pinglete på alt, tør ikkje spele sjølv. svake defensivt, eit veldig engsteleg aalesund-lag. viss me ikkje hevar oss, så kjem me til å tape, sa rekdal til tv 2 i pausen. første omgang var prega av mykje mål. tangotrøyene gjekk i leiinga etter fem minutt med scoring frå claudio braga. knappe ti minuttar seinare utlikna eric kitolano, men heimelaget gjekk opp i leiinga att med scoring frå david jóhannsson. like før pause sørgde thomas lehne olsen for at laga gjekk inn til pause på stillinga 2–2. rekdals menn fekk ein god start på annan omgangen ved å få tildelt eit straffespark, men mads hedenstad redda forsøket frå paul ngongo. – eg rekker å få opp foten der. det er sjølvsagt deilig det. poengdeling er vel for så vidt greitt, seier hedenstad til tv 2 etter kampen. det blei ikkje fleire mål i kampen og det enda 2–2. – viss du ser alt i alt så fortener me ikkje å vinne, såpass ærlege må me vere. me blei betre i andre omgang, men me er framleis eit stykke frå det nivået me bør vere på, seier rekdal. andre resultat i 1. divisjon: odd – skeid 2–1 start – sogndal 2–1 stabæk – hødd 1–1 egersunds ik – mjøndalen 3–2 kongsvinger – åsane 1–1 ranheim – lyn 0–3

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »