Hovedsiden

Liten annonse

    Barcelona vann måldrama – skal spele meisterligafinale i Oslo

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 3. mai 2026 KL:18.25)
    barcelona skal spele finale i meisterligaen etter at dei vann 4–2 (5–3 samanlagt) over bayern münchen søndag. det stod 1–1 før det siste og avgjerande oppgjeret i semifinalen. barcelona spelte føre ein fullsett stadion og skåra det første målet i kampen. – dette er ein draum, sa lianne sanderson på disney +. den tidlegare engelske landslagsspelaren snakka om den målgjevande pasninga caroline graham hansen serverte til salma paralluelo. men det tok ikkje lang tid før laga var like langt att, då linda dallmann skåra for bayern münchen. alexia putellas sende heimelaget i leiinga, før både ewa pajor og putellas auka for barcelona. bayern münchen tente eit lite håp då pernille harder reduserte i det 71. minutt. ho skapte ny spenning då ho sette ballen i mål att i det 89. minutt, men målet blei annullert. barcelona skal spele finale i meisterligaen etter at dei vann 5–3 samanlagt. i finalen møter dei franske lyon. finalen blir spelt på ullevaal stadion i oslo laurdag 23. mai. i finalen møter barcelona-spelarane graham hansen og martine fenger dei norske stjernene ingrid syrstad engen og ada hegerberg, som spelar for lyon.

    Dei engelske laga vidare i Europa

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (torsdag 16. april 2026 KL:22.58)
    aston villa og nottingham forest tok seg vidare frå kvartfinale i europaligaen, medan crystal palace tok seg vidare i serieligaen. det stod likt mellom nottingham forest og porto før torsdagens oppgjer. berre åtte minutt var spelt då jan bednarek fekk raudt kort etter å ha stempla wood i kneet. bortelaget var derfor med ein mann mindre. jørgen strand larsen kom på banen etter pausen i kampen mellom palace og fiorentina. det engelske laget hadde eit solid forsprang frå førre kamp, men fiorentina klarte å gjere det spennande på heimebane. det italienske laget vann kampen 2-1, men det var ikkje nok til å ta att forspranget. etter to kampar blei det samanlagt 4-2 til crystal palace. det utnytta heimelaget som skåra etter 12 minutt. morgan gibbs-white fyrte av frå 20 meter. i kampen mellom aston villa og bologna hadde villa eit solid forsprang frå førre kamp. med fire nye mål i det andre oppgjeret, tok det engelske laget seg vidare til semifinale etter samanlagt 7-1. i semifinalen i europaligaen møter dei engelske laga kvarandre, då skal nottingham forrest spele mot aston villa.

    Durasovic knust i Davis cup

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 13. september 2025 KL:08.44)
    viktor durasovic fekk det svært tøft mot tseng chun-hsin og tapte 0–2 i sett. begge setta enda med 1–6-tap for nordmannen. nicolai budkov kjær vann det første oppgjeret mot taiwan, men no står det altså likt. dei spelar best av fem oppgjer. kampane i davis cup ser du på nrk.

    Budkov Kjær med siger for Noreg

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 13. september 2025 KL:07.18)
    nicolai budkov kjær sørgde for at noreg vann den første kampen i davis cup-oppgjeret mot taiwan da han slo tung-lin wu. nicolai budkov kjær tapte første sett 4–6, men slo tilbake i det neste og vant 6–3 og kampen blei dermed avgjort med eit siste sett. i det avgjerande settet viste den norske 19-åringen seg som den sterkaste da han vann 6–4. noreg leiar derfor mot taiwan. vinnaren av dei to nasjonane blir bestemt av best av fem kampar. vinnarnasjonen får spele davis cup-kvalifiseringa til våren. viktor durasovic møter tseng chun-hsin i neste kamp. kampen kan du sjå på nrk 1 frå 07.30 laurdag. casper ruud valde å stå over davis cup for å førebu seg til storturneringane som kjem i haust.

    viktig lyn-siger i botnoppgjeret mot glimt

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 5. september 2025 KL:19.53)
    Lyn slo Bodø/Glimt 2–1 borte i toppseriekampen på fredag, og skaffa seg avstand til nedrykksstriden. Bortelaget tok leiinga 1–0 etter 26 minutt spelt på Aspmyra. Knappe to minutt etter fekk gjestane ein sjanse til å doble leiinga. Lyn blei tildelt straffe, men Jenny Røsholm Olsen skaut ballen rett i hanskane til målvakta. Minutta etter fekk begge lag fleire sjansar til å skåre, utan å få ballen i mål. I andre omgang klarte Olsen på Lyn endeleg å skåre – 2–0 til Lyn. Vertane fekk eit trøystemål då Claudia Cagnina skåra ti minutt etter. Kampen som var eit viktig oppgjer i botnen av Toppserie-tabellen, enda 2–1 til Lyn. Laga ligg som tabellnaboar med kort veg ned til nedrykkskvalifisering.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »