Hovedsiden

Liten annonse
    Pogacar tok sin tredje strake monument-siger – Tobias Halland Johannessen imponerte

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 26. april 2026 KL:15.51)
    ingen kunne stoppe tadej pogacar under liège – bastogne – liège søndag, ofte omtalt som sesongens hardaste eindagsritt. – det er ein atombombe som skjer no opp côte de la redoute, kom det frå tv 2 kommentator mads kaggestad. det var då tadej pogacar rykka ifrå feltet, 34 kilometer frå mål. og med seg fekk han 19-åringen paul seixas. ungguten var på bakhjula ei god stund, men når det stod att 14 kilometer klarte han ikkje henge på den slovenske verdseinaren. dette var pogacar sin tredje strake siger i rittet, fjerde totalt. det var knytt store forventningar til tobias halland johannessen, som før start drøymde om ein topplassering. – topp ti hadde vore veldig stort, og ligg ein topp 10 kan alt skje, sa han til nrk. halland johannessen var med heile vegen inn i kampen om ein topplassering, men kom seg ikkje fram i spurten. han enda på 9. plass. – det er by far det beste eindagsrittet, kom det frå christian paasche om nordmannens prestasjon. det er den nest beste norske plasseringa i rittet gjennom historia. berre tredjeplassen til dag erik pedersen frå 1986 er betre.

    Norsk sykkeltalent inn til historisk VM-medalje

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (tirsdag 23. september 2025 KL:12.43)
    norske oda aune gissinger (18) gjorde eit råsterkt temporitt og tok bronsemedaljen i junior-vm i eritrea tysdag. det blei ein tett gullkamp, men det var til slutt nederlandske megan arens som var sterkast. spanske paula ostiz taco tok andreplassen. gissinger kom på tredjeplass, berre to sekund bak sølvvinnaren. – ein historisk norsk medalje. me har aldri tatt medalje i temporitt for junior kvinner tidlegare, seier tv2s kommentator christian paasche. beste plasseringa var kamilla aasebø, som kom på femteplass i fjor. junior-vm i afrika er 18-åringens fyrste meisterskap for noreg. malvik-jenta byrja ikkje å sykle før i fjor, skriv tv 2. sidan har sykkelkarrieren skote fart. tidlegare denne sesongen blei ho juniornoregsmeister både i tempo og på landeveg.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »