Hovedsiden

Liten annonse
    Draumekveld for Sørloth – braut 20 års forbanning

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, April 8, 2026 KL:22:55)
    atletico madrid vann for første gang på 20 år mot barcelona på camp nou. scoringar av julian alvarez og alexander sørloth sørga for 2-0-siger og eit solid utgangspunkt før returmøtet i madrid i neste veke. atletico tok leinga like før pause etter ei nydeleg scoring av alvarez. – for eit kunstverk. det kan ikkje gjerast betre, ropte tv 2-kommentator jesper mathisen. argentinaren bøygde ballen over muren frå 25 meter og i krysset i den første kvartfinalen i meisterligaen. opptakta til målet kom ikkje utan dramatikk. julian alvarez spelte fram lagkamerat giuliano simeone som blei felt som sistemann av barcelona-forsvarar pau cubarsí. dommaren trakk først opp det gule kortet. men etter å ha sjekka på var-skjermen blei kortet omgjort til raudt. dermed var heimelaget blitt ti mann. og på det etterfølgande frisparket kom kalddusjen frå alvarez sitt høgrebein. etter kvarteret i andre omgang blei alexander sørloth bytta inn. ti minutt seinare fiksa han 2-0 til bortelaget. nordmannen var nådelaus i feltet og breisida ballen i nettet på volley med venstrebeinet. ein nydeleg prestasjon av noregs landslagsspiss.

    Nusa med målpoeng trass tap

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, January 31, 2026 KL:18:21)
    antonio nusa noterte seg for ein målgivande pasning til conrad harder, i kampen mellom rb leipzig og mainz 05 i tyske bundesliga. mainz 05 vann kampen 2–1 etter scoringar av amiri og silas. rb leipzig ligg førebels på den viktige 4. plass på tabellen, som sikrar meisterligaspel neste sesong. men fleire lag rundt dei på tabellen har ein kamp til gode.

    Sørloth-scoring i Madrid-derbyet

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, September 27, 2025 KL:18:20)
    alexander sørloth teikna seg på scoringslista i det som er blant dei største kampane i sesongen for atlético madrid. heimelaget låg under 1–2 rett før pause mot real madrid etter scoringar av kylian mbappé og arda güler. men så dukka sørloth opp. inne i feltet heada han inn utlikninga for atletico. det er nordmannens andre scoring for klubben denne sesongen. etter pause scora julian alvarez to gonger for heimelaget, før antoine griezmann sørgde for at atlético madrid vann derbyet 5–2. atletico er no seks poeng bak real madrid som toppar tabellen.

    Haaland mestscorande nordmann i Premier League

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, September 27, 2025 KL:17:55)
    manchester city sleit ein stund med burnley, men i andre omgang var ting tilbake til normalen. med både målgivande og mål for erling braut haaland. haalands to mål gjer han til tidenes mestscorande nordmann i premier league med 93 scoringar. den førre rekorden delte han med ole gunnar solskjær som noterte seg for 91. etter ti minutt sette maxime estève ballen i eiget nett. men seinare i første omgang svarte burnley. jaidon anthony sette inn utlikninga. i andre omgang fekk erling braut haaland ein målgivande til matheus nunes. da timen var spelt kom oscar bobb inn for manchester city. det såg ut til at han sette inn 3-1, men reprisen viste at estèveblei tomålsscorar, dessverre for han i eiget nett. like før slutt sette haaland inn 4–1 og 5-1 med kort mellomrom.

    Manchester United-floppen Rasmus Højlund byter til Napoli

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, September 1, 2025 KL:19:37)
    danske rasmus højlund blir lånt ut frå manchester united til napoli kommande sesong. serie a-klubben har også sikra seg opsjon på kjøp av spissen. det blir bekrefta måndag. det blei med to sesongar i premier league for højlund i denne omgang. 22-åringen fekk med seg 62 kampar på det øvste nivået i england, og totalt enda han med 14 scoringar i premier league. dansken spelte serie a-fotball for atalanta før han kom til united, og no returnerer han til seriemeister napoli. (ntb)


    To raude kort då Estlands vann dramatisk kvalikkamp

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, March 25, 2025 KL:19:57)
    det vart svært dramatisk då estland vann 3–2 borte mot moldova i vm-kvalifiseringa tysdag. laga er i same kvalifiseringsgruppe som noreg, israel og italia. moldovas maxim cojocaru fekk direkte raudt kort allereie i det femte minutt. før halvtimen var spelt var bortelaget estland oppe i 2–0 etter scoringar av rasmus peetson og rauno sappinen. like etter pause fekk estlands kevor palumets sitt andre gule kort og måtte forlate bana. med ti mot ti på bana reduserte ion nicolaescu for heimelaget midt i omgangen. i det 70. minutt gjekk derimot estland opp i 3–1 ved mattias käit. men sidan var skulle sjå på målet tok det fleire minutt før det vart ståande. på overtid reduserte moldovas mihail caimacov på eit kremmarhus av eit frispark. trass i sterkt moldova-press på slutten heldt estland unna og vann 3–2 i chișinău. estland er dermed oppe i tre poeng etter to kampar, medan moldova framleis er poenglause.

    13 poengs luke i tet

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, February 26, 2025 KL:23:08)
    liverpool vann komfortabelt 2–0 heime mot newcastle onsdag kveld – etter scoringar av alexis macallister og dominik szoboszlai. sidan arsenal spelte 0–0 mot nottingham forest tidlegare onsdag har liverpool ei luke i tet på 13 poeng ned til london-laget. rett nok har arsenal 11 kampar igjen å spele, medan liverpool berre har 10.

    Blomberg helten da Brann tok over tabelltopp

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, June 1, 2024 KL:20:01)
    brann fekk ein pangstart på kampen da svenn crone sprang innover i hamkam sin 16-meter etter sju minutt og 26 sekund. eitt sekund seinare låg crone i bakken da william kurtovic var litt for hardhendt, og dommar mathias støfringshaug strakk fram armen og peika på straffemerket. kurtovic var tydeleg ueinig og hadde ein grøn og kvit vegg med hamarsinger på sitt lag, men straffa vart ståande. – ja, eg kjem inn med foten der, men eg føler han fell lett, seier kurtovic til tv 2 i pausen. frå 11-meteren var joachim soltvedt bombesikker og brann tok leiinga 0–1 på briskeby. scoringa var venstreback soltvedt si femte scoring i årets eliteserie. – eg byrjar å kome meg opp på eit bra antal scoringar nå, så det er bra det, seier soltvedt til tv 2 i pausen. hamkam hadde også sine sjansar i fyrste omgang, og etter 13 minutt hadde dei grøne og kvite ei stor moglegheit. gard simenstad drog seg innover frå høgrekanten og inn i 16-meteren, banka til inn framfor mål, men ballen gjekk i ein brannspelar og ut til hjørnespark. etter 35 minutt burde kanskje brann gått opp til 2-0, da bård finne fekk ballen midt i hamkams 16-meter, men avslutninga gjekk utanfor, og stillinga til pause var «berre» 0–1. andre omgang starta med eit brak da hamkam fekk frispark på hjørnet av 16-meteren. gard simenstad har vist fram sin fantastiske dødballfot fleire gonger denne sesongen – det gjorde han også i dag. for han bøyde ballen over muren og inn i det ledige hjørnet i brann-målet. beint fram ei nydeleg scoring. – åjjj, utbrøt amankwah da simenstad løfta ballen i mål. – simenstad stiller seg opp på det som i utgangspunktet er ein vanskeleg vinkel, men så lurer han dyngeland i brann-målet trill rundt. svingar den elegant inn i kassen, kommenterte amankwah. så fekk brann nok ei moglegheit frå straffemerket da emil kornvig fekk seg ein kakk på hælen inne i 16-meteren og gjekk i bakken. da stilte joachim soltvedt seg opp nok ein gong. men denne gongen var straffa på mange måtar håplaus, og hamkams målvakt marcus sandberg redda forsøket frå soltvedt. men berre minuttet etterpå kom leiarmålet frå brann. ein ball spratt litt fram og tilbake inne framfor hamkams mål, og enda til slutt hjå ole didrik blomberg som sparka ballen i mål frå fire-fem meter. med sigeren klatrar brann opp på tabelltopp, tre poeng framfor bodø/glimt. brann har spelt to fleire kampar enn bodø/glimt.

    Molde surra bort tomålsleiing

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, October 27, 2022 KL:22:51)
    alt var jubel og glede i molde etter halvspela førsteomgang. dei dominerte kampen og leia 2-0 etter scoringar av ola brynhildsen og markus andre kaasa. så tok det til å kladde for dei norske seriemeistrane, og djurgården slo tilbake. victor edvardsen reduserte like før pause. molde greidde aldri å ta tilbake initiativet i kampen i andre omgang, og joel asoro og haris radetinac snudde kampen til svensk siger 3-2. djurgården sikra seg dermed gruppesigeren og direkteplass i sluttspelet. molde må ha poeng mot gent borte i neste veke for å framleis ha ein sjanse til å gå vidare. gent spela 1-1 borte mot shamrock i den andre kampen i gruppa torsdag.

    Sparta hjelpte Stjernen til tabelltopp

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, October 27, 2022 KL:21:52)
    stjernen herja med vålerenga i oslo og hjelpte naboen stjernen å ta seg tilbake til tabelltopp i eliteserien ishockey. stjernen måtte slite mot grüner, som leidde to gonger og hadde 3–3 til det stod att eitt minutt av kampen, men stian nystuens scoring 43 sekund før slutt gav heimelaget tre poeng og serieleiing. det var fordi sparta knuste vålerenga 5–1 på bortebane. laget kopla grepet med scoringar av henrik knold og erik selin før det var spilt tre og eit halvt minutt. sparta auka to gonger til i midtperioden og ein i den siste før vålerenga fekk sitt trøystemål ved tobias lindström. stjernen er no eitt poeng framfor vålerenga, som har sparta og frisk asker to poeng bak seg. sistnemnde slo ringerike 4–2 etter å ha lege under to gonger. david morley scora to av heimelagets mål. også storhamar måtte vende til siger da manglerud star blei slått 4–1. stavanger oilers imponerte stort då lillehammer blei knust 8–0 på bortebane. andré strandborg, paul bittner og dan kissel scora to gonger kvar for oilers, som i likskap med storhamar er sju poeng bak serieleiaren.

    Glesnes og Philadelphia til semifinale

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, October 21, 2022 KL:07:53)
    philadelphia union med jakob glesnes som ein viktig spelar tok seg vidare til semifinale i mls-sluttspelet med 1–0 heime over cincinnati. leon flach blei matchvinnar med si scoring etter ein snau times spel. kampen var nokså jamn, men glesnes i heimeforsvaret slapp ikkje gjestene til scoringar. union sleppte inn færrast mål (26) av alle lag i grunnserien av årets mls-sesong, og 28-åringen spelte kvart minutt av kvar kamp. tidlegare veka blei han stemt fram som årets forsvarsspelar i mls. han tok ein klar siger i avstemminga blant spelarar, trenere og medierepresentantar. glesnes blei den første union-spelar som vinn prisen. philadelphia union møter vinnaren av cf montreal og new york city fc i semifinalen.

    lewandowski passerte 600 scoringar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, October 21, 2022 KL:06:29)
    med to mål i barcelonas 3-0-siger over villarreal torsdag kveld er robert lewandowski oppe i 601 scoringar i offisielle kampar i sin karriere. han scora dei to første måla i kampen då barca slo tilbake etter tapet i «el clasico» mot real madrid søndag. den 34 år gamle polakken har scora 16 mål på 14 kampar for barcelona sidan overgangen frå bayern münchen i sommar. tidlegare har han 103 mål for borussia dortmund og 304 for bayern münchen. han har også 76 mål for det polske landslaget. på 2000-talet er det berre cristiano ronaldo og lionel messi som har passert 600-talet på scoringsstatistikken.

    Bergensk festdag i Toppserien

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, September 25, 2022 KL:17:05)
    bergenslaga kunne juble mest i kampane i toppseriens kvalifiserings-serie søndag. arna-bjørnar slo røa 3-0 heime i bergen, og åsane slo til 2020 2-0 i tromsø. linnea laupstad scora det første like før pause, og i andre omgang sikra miljana ivanovic og tomine svendheim sigeren for heimelaget. andrine mo scora ein gong i kvar omgang for åsane, som reiste frå tromsø med tre sterke poeng i bagasjen. i dagens tredje kamp spela kolbotn og lsk kvinner 2-2 i ein kamp som opna livleg. tonje pedersen scora på straffe for kolbotn, men amanda johnsson haahr snudde kampen med to raske scoringar, og lsk leia 2-1 etter ein halv omgang. eline hegg utlikna like etter pause, og kolbotn hadde store sjansar på slutten. med fire kampar att er dei to bergens-laga på første og tredjeplass. med brann i tillegg kan det bli tre lag frå byen i toppserien neste år. kolbotn har derimot fårtt ein treig start i denne serien, og ligg nest sist.

    Keeper-Solberg med to mål i Györ-siger

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, June 4, 2022 KL:17:00)
    silje solberg stoppa tvillingsyster sanna og esbjerg i meisterliga-semifinalen i handball. på veg mot 32-27-triumf scora målvakta to gonger. solberg hadde ni redningar i førsteomgangen. det gav henne ein stopp-prosent på cirka 40. i tillegg fiksa ho to scoringar etter å ha kasta ballen over heile bana og inn i tomt esbjerg-bur. utan slikt keeperspel kunne györ ha vore i trøbbel ved pause. i staden var stillinga 15–15. det blei fort til 21-18-leiing for heimefavoritten litt inne i andreomgangen. etter dette kom ikkje esbjerg seg à jour igjen. dermed kunne solberg, stine bredal oftedal og veronica kristiansen juble for finaleplassen. solbergs tvillingsyster sanna solberg-isaksen scora på eitt av to forsøk mot systera. henny ella reistad scora og scora, men det var ikkje nok. med seg på det danske laget hadde ho vilde mortensen ingstad, marit malm frafjord, kristine breistøl og marit røsberg jacobsen. i den andre semifinalen spelar vipers kristiansand mot franske metz seinare i kveld. finale og kamp om tredjeplassen skal spelast søndag.

    Minnesota vann, Zucca poenglaus

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, April 4, 2022 KL:06:25)
    minnesota wild vant 5–1 over washington capitals i nhl i natt. mats zuccarello fekk over 17 minutt på isen, men kom ikkje på scoringslista. han noterte seg for eitt skot på mål i bortekampen. det var lagkamerat joel eriksson ek som blei den store spelaren med to scoringar og ein assist. tyson jost, marcus foligno og nicolas deslauries scora dei andre måla til wild. minnesota wild forlenga lagets sigersrekkje til ti kampar på rad. zuccarello har scora 20 gonger denne sesongen. med sine 49 assist er han oppe i 69 målpoeng totalt. det er hans beste poengfangst som nhl-spelar. totalt er han oppe på 496 målpoeng i nhl-karrieren i grunnserien og nærmar seg 500 som er ein milepæl. det etter 677 kampar.

    Maanum blei superinnbytar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, December 12, 2021 KL:21:54)
    frida maanum scora to mål mot leicester i den engelske superligaen i fotball. serieleiaren vant 4–0. den norske landslagsprofilen stanga inn sitt første mål for kvelden i det 80. minutt. 256 sekund seinare nikka maanum inn 4–0 i ein boge over keeper. ho slapp til som innbytar i det 71. minutt. 22-åringen står med fire scoringar for arsenal etter overgangen i sommar. jordan nobbs og vivianne miedema gav arsenal 2–0 før pause. leicester blei redusert til ti spelarar då jemma purfield fekk raudt kort med få minutt igjen av første omgang. maanum og co. er framleis utan tap i serien og har vunne åtte av ni kampar så langt. leicester ligg heilt sist med null poeng.

    Liverpool vann spinnvilt oppgjer

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, October 19, 2021 KL:23:18)
    praktscoringar, opphenting, raudt kort og var-drama da liverpool vann 3–2 mot atlético madrid. liverpool leia 2–0 tidleg. antoine griezmann sette så inn to mål, men etter pause fekk han raudt kort. mohamed salah sette så inn 3–2 på straffespark.


    Tap for Ferencvaros-duo

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, October 19, 2021 KL:18:30)
    kristoffer zachariassen og tomac nguen tapte sin tredje strake gruppespelkamp i europaligaen. celtic vann 2–0 etter scoringar frå kyogo furuhashi og david turnbull. båe nordmennene spelte frå start.

    Lillestrøm opp på tredjeplass

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, August 22, 2021 KL:20:05)
    lillestrøm er i godt driv om dagen, og har klatra opp på tredjeplass i eliteserien. dei vann imponerande 3–0 borte mot haugesund. daniel gustafsson scora to av måla og ulrik fredriksen sette ballen i eiget mål på overtid. sandefjord hadde ein gyllen moglegheit til å ta med seg tre poeng mot tromsø da sivert gussiås tok straffespark like før slutt, men han bomma. kampen enda dermed 1-1, etter scoringar frå vidar ari jónsson og ebiye moses.

    Lewandowski i gang igjen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, August 13, 2021 KL:22:33)
    borussia mönchengladbach og tittelforsvarar bayern münchen spela 1-1 i serieopninga i bundesliga fredag. alassane pleá gav heimelaget leiingfa etter ti minutt. men robert lewandowski utlikna like før pause. lewandowski er dermed i gang der han slapp i fjor. då sette han bundesliga-rekord med 41 scoringar på ein sesong, og slo gerd müllers 49 år gamle tidlegare rekord. bayern jaktar denne sesongen sin tiande ligatittel på rad. resten av opningsrunden går laurdag og søndag.

    Nærmar seg 100 etter ny målfest

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, December 6, 2020 KL:18:58)
    bodø/glimt slo stabæk 5-2 i eliteserien søndag, og står med 96 scoringar to rundar før slutt. laget kan bli det første som scorar hundre mål i løpet av ein sesong. søndag leia glimt 3-0 ved pause og 5-0 før kosuke kinoshita reduserte to gonger på overtid. for glimt scora philip zinckernagel 2, kasper junker, ulrik saltnes og sondre brustad fet. zinckernagel med sine to mål og to målgivande har 36 målpoeng hittil i sesongen - 18 mål og 18 målgivande.


    Tangerte scoringsrekorden i Serie A

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, August 1, 2020 KL:23:11)
    lazios ciro immobile tangerte gonzalo higuains rekord med 36 ligamål i serie a. han scora då klubben tapte 1-3 for napoli i siste kamp for sesongen. tapet betydde at lazio anda på fjerdeplass i serien. juventus var meister før siste runde, og avslutta med å tape 1-3 for roma – første tapet på 40 heimekampar. inter tok sølvet etter 2-0 over atalanta, som fekk tredjeplassen. atalanta stansa dermed på 98 scoringar, det meste i serien sidan torino i 1947.

    Real Madrid ein siger frå tittelen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, July 14, 2020 KL:06:22)
    med 2-1 i bortekampen mot granada måndag kveld kan real madrid sikre ligatittelen når dei møter villarreal torsdag. real leia 2-0 ved pause etter scoringar av ferland mendy og karim benzema. men darwin machis reduserte for granada like etter pause, og heimelaget var fleire gonger svært nær utlikning. real madrid leier med fire poeng på barcelona når to kampar står att.

    mange norske scoringar i utlandet

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, August 10, 2019 KL:23:01)
    I tillegg til Erling Braut Hålands hattrick for Salzburg, har fire nordmenn scora i utanlandske ligakampar i dag. Kristoffer Ajer scora sitt første ligamål for Celtic i 5-2-sigeren over Motherwell. Henrik Bjørdal scora i Waregems 2-0 over Genk. Oliver Berg scora Sundsvalls mål i 1-1-kampen mot Östersund, og Fredrik Ulvestad scora eitt for Djurgården som slo Sirius 4-0.












    Mirakelet i Milano

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, January 18, 2016 KL:18:39)
    kristian bjørnsens 14 scoringar gjer han til norges toppscorar så langt i handball-em i polen, men visste du at lynvingen også har prøvd seg på idol-auditon?


Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »