Hovedsiden

Liten annonse
    Scora fire minutt etter innhoppet – Bodø/Glimt tok komfortabel siger

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: Idag. - (søndag 12. juli 2026 KL:16.26)
    i solsteika i oslo tok kfum imot bodø/glimt søndag ettermiddag. starten på kampen var prega av mykje spel fram og tilbake, med sjansar til begge lag. det var likevel bortelaget som fekk den første scoringa. etter 24 minutt klinka sondre brunstad fet ballen høgt opp i nettmaskene og sende glimt i føringa. mot slutten av den første omgangen festa bodø/glimt grepet om kampen og pressa vertane tilbake på eiga banehalvdel. kfum hadde sine moglegheiter til å svare. magnus grødem kom til eit par sjansar, men jærbuen greidde ikkje å finne vegen til mål. bodø/glimt måtte klare seg utan sentrale spelarar som patrick berg, jens petter hauge og fredrik bjørkan, men det hindra ikkje dei gulkledde i å ta kontroll etter pause. i det 69. minutt kom andreas helmersen inn for kasper høgh. berre fire minutt seinare markerte innbytaren seg då han sette inn 2–0 til bortelaget. sigeren gjer at bodø/glimt held fram på tredjeplass i eliteserien, bak viking og tromsø. kfum blir ståande på 13. plass på tabellen.

    Pimenta tek pause som Sogndal-trenar – Bakke tar over

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 26. juni 2026 KL:10.50)
    sogndal fotball er samde med hovudtrenar luis pimenta om han trer til side fram til 3. juli. det opplyser klubben i ei pressemelding. bakgrunnen er ei uromelding frå spelargruppa om framferda til pimenta overfor nokre spelarar, ei sak mellom anna sogn avis har omtalt. sogndal fotball skriv at begge partar er opptekne av å undersøkt saka grundig. eirik bakke er mellombels hovudtrener for klubben. han vil leie laget mot egersund på laurdag og mot kongsvinger 3. juli.



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »