Hovedsiden

Liten annonse
    Barcelona vann måldrama – skal spele meisterligafinale i Oslo

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 3. mai 2026 KL:18.25)
    barcelona skal spele finale i meisterligaen etter at dei vann 4–2 (5–3 samanlagt) over bayern münchen søndag. det stod 1–1 før det siste og avgjerande oppgjeret i semifinalen. barcelona spelte føre ein fullsett stadion og skåra det første målet i kampen. – dette er ein draum, sa lianne sanderson på disney +. den tidlegare engelske landslagsspelaren snakka om den målgjevande pasninga caroline graham hansen serverte til salma paralluelo. men det tok ikkje lang tid før laga var like langt att, då linda dallmann skåra for bayern münchen. alexia putellas sende heimelaget i leiinga, før både ewa pajor og putellas auka for barcelona. bayern münchen tente eit lite håp då pernille harder reduserte i det 71. minutt. ho skapte ny spenning då ho sette ballen i mål att i det 89. minutt, men målet blei annullert. barcelona skal spele finale i meisterligaen etter at dei vann 5–3 samanlagt. i finalen møter dei franske lyon. finalen blir spelt på ullevaal stadion i oslo laurdag 23. mai. i finalen møter barcelona-spelarane graham hansen og martine fenger dei norske stjernene ingrid syrstad engen og ada hegerberg, som spelar for lyon.

    Ruud vann tiebreak-drama – vidare til kvartfinale i Madrid Open

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (tirsdag 28. april 2026 KL:17.37)
    casper ruud er vidare til kvartfinalen i atp 1000-turneringa madrid open etter siger mot stefanos tsitsipas. det blei ein jamn kamp då tittelforsvarar ruud møtte den greske spelaren i åttedelsfinalen. det første settet gjekk til tsitsipas etter tiebreak (7-4). også det andre settet måtte avgjerast med tiebreak, men denne gongen var det ruud som var sterkast (7-2). – no er eg imponert casper ruud. det har eg vore mange gonger, men no er eg mektig imponert, sa tv 2s kommentator christian paasche i slutten av det siste settet. i det siste og avgjerande settet blei det igjen tiebreak, der var ruud igjen sterkast. ruus vann med settsifra 6-7 (4-7), 7-6 (7-2), 7-6 (7-3) etter 3 timar på den spanske grusen. i kvartfinalen ventar enten argentinar francisco cerundolo eller belgiske alexander blockx.

    Gigantane på desperat poengjakt: – Det kan ikkje gjerast betre

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 25. april 2026 KL:19.53)
    to gigantar på nedre halvdel var på desperat poengjakt då brann gjesta rosenborg i trondheim. ein fartsfylt kamp som hadde det meste, også eit kraftig snøvêr. – minner meir om ein desemberkamp dette her i augneblinken, slik snøen ligg tett over lerkendal, meldte victor kjeldstad for ntb. før kvarteret var omme fann rosenborgs emil konradsen ceïde ein iver fossum aleine framfor mål. midtbanespelaren hadde få problem med å sette inn leiarmålet frå kloss hold. berre fem minutt seinare fekk brann eit frispark i farleg posisjon. venstrevingen til brann, jón dagur thorsteinsson, var eigentleg ikkje tenkt å starte kampen. men det gjorde han, og viste seg tilliten verdig. frå 20 meter sende islendingen ballen over muren og inn i nærmaste kryss. eit kunstverk av eit frispark. – det kan ikkje gjerast betre, sa ekspertkommentator i tv 2, jesper mathisen. intensiteten var høg kampen gjennom og brann skapte dei farlegaste sjansane. men fleire mål vart dei ikkje. det enda uavgjort i ein kamp der begge jakta tre poeng. rosenborg ligg på 12. plass med fem poeng etter seks kampar. brann er plassen bak, og har fire poeng.

    Vålerenga klare for finale etter kontroversar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 28. september 2025 KL:17.53)
    vålerenga tok seg til cupfinalen etter å ha vunne 2–1 mot brann, men det var ikkje utan kontroversar. for karina sævik blei felt to gonger i motstandarens sekstenmeter og var krystallklar i pausen på kva ho synest om den første situasjonen. – det er openbert for alle som kan fotball at det er straffe. eg spurte dommaren etterpå om det er lov til å springe folk ned bakfrå og fekk ikkje noko svar på det, så det er tydelegvis lov, sa vålerenga-spelaren til nrk i pausen. i andre omgang skjedde det igjen. sævik blei riven i trøya og sparka i foten inne i boksen. – det er jo straffe det. mister jo heile balansen, både med haldinga og sparket i foten, seier nrks fotballekspert carl-erik torp. like etter pause sette diljá zomers inn leiinga for brann. halvvegs i andre omgang utlikna olaug tvedten. med dryge ti minutt att fekk heimelaget straffespark. den sette elise thorsnes i mål. – eg er framleis forbanna. eg synest det er dårleg dømt, båe dei situasjonane. men ho klarer det på tredje forsøk å dømme rett, me vinn i dag, så det får vere greitt, seier sævik etter kampen. vålerenga møter rosenborg i cupfinalen. den blir spelt 23. november og blir sendt på nrk 1.


Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »