Hovedsiden

Liten annonse





    Kashafali sprang inn til uoffisiell verdsrekord: – Det var ikkje varsla at eg skulle springe så fort

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (tirsdag 19. mai 2026 KL:19.38)
    salum kashafali sprang inn til uoffisiell verdsrekord for parautøvarar i t13-klassa då han sesongdebuterte på 100 meter på kfum nasjonalt stemne på tysdag. kashafali sprang inn på tida 10.34, som er personleg rekord. hans tidlegare rekord er på 10.38. – det er det beste eg har sprunge nokosinne, seier kashafali til nrk. han slo også verdsrekorden i t13-klassen, men tida er uoffisiell. – grunnen til at det ikkje er offisielt, er at det ikkje var varsla at eg skulle springe så fort. kashafali forklarar at det heller ikkje var testarar eller kontrollørar frå antidoping til stades. tida 10.34 er også norsk bestenotering for funksjonsfriske denne sesongen. – dette er eit bra utgangspunkt. det er ei god opning. det lovar veldig bra. det er ein lang sesong, seier kashafali og held fram: – det er den beste sesongstarten eg har hatt. eg trudde ikkje det var mogleg å springe så fort så tidleg for meg.

    Landslagssjefen slit med sjukdom før avskjedskampen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (tirsdag 12. mai 2026 KL:13.28)
    avtroppande landslagssjef jonas wille stod over dagens trening med handballandslaget. haldensaren følte seg ikkje i form og lot resten av trenarteamet stå for siste trening før vm-kvalifiseringskampen mot tyrkia i morgon. vm-kvalifiseringa er siste opptreden for wille som landslagssjef. han fekk ikkje fornya tillit etter em-nedturen tidlegare i vinter. landslagslege thomas torgalsen seier til nrk at han forventar at wille vil leie laget under onsdagens kamp. returkampen blir spelt i tyrkia 16. mai og laget som vinn samanlagt er kvalifisert for vm i tyskland neste år. wille tar over som trenar for den sveitsiske klubben kadetten schaffhausen i sommar.



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »