Hovedsiden

Liten annonse
    Vålerenga redda poeng – raudt kort til Fredrikstad

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, September 20, 2026 KL:16:26)
    det såg lenge ut til at vålerenga skulle gå på nok eit tap, men etter ein dramatisk sluttspurt enda det 1–1 og poengdeling mot fredrikstad vålerenga hadde ikkje vunne på dei seks siste kampane i eliteserien før dei søndag fekk besøk frå østfold. isak helstad amundsen fekk sjå det raude kortet etter 82 minutt og ein var-sjekk av dommaren. fredrikstad-spelaren blei sendt i garderoben etter takling av mathias grundetjern like utanfor 16-meteren. gjestane frå østfold tok leiinga etter eit vakkert mål signert solomon owusu. frå 16-meteren er han iskald og plasserer ballen i lengste hjørne tidleg i andre omgang. halvegs ut i andre omgang kom reduseringa på hjørnespark for vålerenga. sebastian jarl var på rett plass i feltet og utlikna til 1–1.




    Lekre Molde-mål då «Kåffa» vart sett på plass

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, September 6, 2026 KL:18:59)
    molde tok sin tredje seier på rappen i eliteserien då kfum oslo vart sendt heim til hovudstaden med 2–0 i sekken. det var heimelaget som tok føringa i kampen. moldes oskar spiten kom seg fri på rundt 30 meter og sette fart framover. på lekkert vis fekk han plassert ballen i lengste hjørne og molde gjekk til pause med 1–0. kfum oslo måtte i store delar av andre omgang klare seg med ti mann på bana, etter at jakob blixt flaten blei sendt i dusjen etter to gule kort. i ein duell med moldes emil breivik var han litt for ivrig med armbruken og trefte breivik i ansiktet. dette gav rom for heimelaget og trent koné-doherty kunne doble for molde og trilla inn 2–0 midtvegs i den andre omgangen.

    Offansiv Leknessund på 5.-plass i Vuelta a España

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, September 6, 2026 KL:17:37)
    andreas leknessund forsøkte angripe vel 2, 5 kilometer før mål, men vart henta inn av resten av tetgruppa. belgiske wout van aert vart for sterkt i spurten og vann den 15. etappen av vuelta a españa. nordmann kom i mål som nummer fem og vart kåra til mest aggresive ryttaren på etappen. tromsøværingen gjekk tidleg i brot og var med i gruppa på etter kvart fem som leia an mot mål. tobias halland johannessen kom i mål i ei gruppe like bak fronten. 27-åringen tok ein overraskande seier på den 7. etappen av vuelta a españa. dette var den første norske etappeseieren i rittet sidan thor hushovd i 2010 og blei ekstra emosjonell sidan det skjedde dagen etter kong harald sin bortgang.

    Svarar Ingebrigtsen etter «tapar»-utspel: – Framstår sutrete

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, September 5, 2026 KL:14:59)
    jakob asserson ingebrigtsen blei nummer fire på 1500-meteren under diamond league-finalen i brussel fredag. etter løpet gjekk han hardt ut mot konkurrentane og kalla dei for «ein gjeng med taparar». laurdag slår rivalen cole hocker tilbake mot løpestjerna. vg prata først med konkurrenten. til nrk seier manager, ray flynn: – han vinn ikkje 1500 meter lenger og det taklar han ikkje, og han prøvar derfor å leggje sine eigne feil over på andre løparar. han framstår no som ein sutrete løpar, og det er totalt respektlaust, seier flynn. hocker har ol-gull frå 2024 på distansen, medan ingebrigtsen ikkje har vunne han på to år. laurdag morgon var ingebrigtsen ute på instagram med ei erkjenning om at kommentaren var i overkant. – kjærleiken min til denne sporten kan det aldri stillast spørsmål ved. det var kanskje litt for mykje adrenalin og kjensler i sving då mikrofonane blei stukne framfor meg i går kveld, men eg kjem alltid til å seie ting slik eg ser dei, skriv han.













    Noregs raskaste har talt: Fremstad-Waldron og Rønningen tok NM-gull
    blei starten på kjærleiken: nå er festivalen tradisjon | Skrevet av NRK - Innenriks' title='Les mer detaljer om artikkelen: eit par bukser blei starten på kjærleiken: nå er festivalen tradisjon | Skrevet av NRK - Innenriks'>
    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, July 23, 2026 KL:20:16)
    under opningsdagen av nm i friidrett i trondheim var det knytt stor spenning til sprintduellen og kven som eigentleg er noreg sin raskaste mann. feltet låg jamt ute frå startblokkene ein liten stund, men halvvegs i løpet sette per tinius fremstad-waldron inn eit ekstra gir, og tok sigeren med tida 10,35 på 100-meteren. like bak kom salum ageze kashafali inn på tida – målet for denne sesongen er å kvalifisere til em, så det er viktig å få ein god tid her, sa fremstad-waldron til nrk etter løpet. på kvinnenes 100 meter var det helene rønningen som stakk av med sigeren på tida 11,57. dette er hennar fjerde nm-gull på distansen. ein ekstra sterk opptur etter eit år ho sjølve har beskrive som brutalt. – veldig deilig! eg er veldig stolt over meg sjølv og at eg klarer å gjennomføre det veldig greitt, med tanke på at eg hadde ein elendig start, sa rønningen til nrk under noregsmeisterskapen i fjor pådrog ho seg to beinbrot, då ho slengde seg over målstreken. – korleis er det å få til dette her, når vi har det som skjedde i fjor friskt i minne? – eg føler meg sterkt mentalt som klarer å kome tilbake igjen, sidan det blei såpass mykje trøbbel etterpå. så eg er veldig stolt over at eg har kome i såpass god form og vinnar her i dag.













    Mexicos keeperlegende bytt inn: – Eit vakkert siste kapittel
    blei starten på kjærleiken: nå er festivalen tradisjon | Skrevet av NRK - Innenriks' title='Les mer detaljer om artikkelen: eit par bukser blei starten på kjærleiken: nå er festivalen tradisjon | Skrevet av NRK - Innenriks'>
    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, June 25, 2026 KL:04:56)
    guillermo ochoa (40) fekk eit høgt hylla innhopp for mexico i 3-0-sigeren over tsjekkia. og det på heimebane, på den mektige azteca-stadion i mexico by. – min første kamp; azteca. min siste kamp; azteca. eit vakkert siste kapittel i min karriere. takk skal dykk ha, alle saman, sa keeperlegenda på mexicansk tv etter kampen. mexicanarane var allereie gruppevinnar, mens tsjekkia no er ute. etter ein start på kampen utan dei store sjansane, fekk vertsnasjonen hol på byllen ti minutt etter pause. det starta på mexico sin halvdel, før romo spelar gjennom mateo chávez som hamna aleine mot keeper. han sikra mexico sitt første mål i kampen. seks minutt etter skåra julián quiñones det andre målet for mexico. eit fullsett azteca var storfornøgde med leiinga, men kvarteret før slutt fekk dei noko nytt å juble for då keeperlegende guillermo ochoa blei bytt inn. han har vore involvert i seks vm-sluttspel, men berre spelt i fire. tre minutt på overtid kom den tredje skåringa for heimelaget. álvaro fidalgo sette ballen i mål etter ein lang ball frå ochoa. – han er et eksempel for oss alle. han er den første som kjem på treningssenteret, og den siste som drar, seier målscorar chávez om ochoa. – dette er glasuren på kaka for ein fantastisk karriere. han er eit forbilde, han har veileda gruppa med sin erfaring og eg er veldig glad på hans vegne, seier chávez.








Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »