Sport

    Svarar Ingebrigtsen etter «tapar»-utspel: – Framstår sutrete
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, September 5, 2026 KL:14:59)
    Jakob Asserson Ingebrigtsen blei nummer fire på 1500-meteren under Diamond League-finalen i Brussel fredag. Etter løpet gjekk han hardt ut mot konkurrentane og kalla dei for «ein gjeng med taparar». Laurdag slår rivalen Cole Hocker tilbake mot løpestjerna. VG prata først med konkurrenten. Til NRK seier manager, Ray Flynn: – Han vinn ikkje 1500 meter lenger og det taklar han ikkje, og han prøvar derfor å leggje sine eigne feil over på andre løparar. Han framstår no som ein sutrete løpar, og det er totalt respektlaust, seier Flynn. Hocker har OL-gull frå 2024 på distansen, medan Ingebrigtsen ikkje har vunne han på to år. Laurdag morgon var Ingebrigtsen ute på Instagram med ei erkjenning om at kommentaren var i overkant. – Kjærleiken min til denne sporten kan det aldri stillast spørsmål ved. Det var kanskje litt for mykje adrenalin og kjensler i sving då mikrofonane blei stukne framfor meg i går kveld, men eg kjem alltid til å seie ting slik eg ser dei, skriv han.

Ord sky bassert på artikkel: 1111615
Ingebrigtsen - Framstår - sutrete - Asserson - meteren - Diamond - finalen - Brussel - konkurrentane - taparar - Laurdag - rivalen - tilbake - løpestjerna - konkurrenten - manager - løparar - framstår - respektlaust - distansen - Instagram - erkjenning - kommentaren - overkant - Kjærleiken - sporten - stillast - spørsmål - kanskje - adrenalin - kjensler - mikrofonane - framfor -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »