Sport

    Første Ungarn-siger over England på 60 år
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, June 4, 2022 KL:19:56)
    Eit straffespark av Dominik Szoboszlai midtveges i andre omgang gav Ungarn 1–0 over England i nasjonsligaen laurdag. Som i september i fjor blei det pipekonsert då England-spelarane rett før kampen knelte for å markere mot rasisme. Den gongen svarte britane med storspel og 4-0-seier, medan det blei 0–1 tap laurdag. Ungarns tilhengarar har fleire gonger dumma seg ut med rasistiske ytringar og dårleg tribuneoppførsel. Det spesielle i kampen laurdag var at 90 prosent av dei om lag 30.000 tilskodarane var barn. Ungarn er straffa av Uefa på grunn av supporterane sin dårlege oppførsel i fotball-EM i fjor sommar. Heimekampane skal eigentleg spelast for stengde dører, men Uefa har gått med på at barn under 14 år, saman med éin vaksen per tiande barn, får vere på tribunane. Det var ingen piping under nasjonalsongane før kampen, men då England-spelarane gjekk ned på eitt kne, kunne ein høyre massiv piping frå tribunane. Ungarn fekk straffespark da Zsolt Nagy gjekk i bakken i duell med Reece James etter 63 minutt. England-spelarane protesterte heftig, men dommar Artur Dias var sikker i si sak. Szoboszlai trilla kontrollert inn 1–0 lågt i hjørnet. Det er nesten på dagen 60 år sidan sist Ungarn slo England. Dei vann 2–1 i gruppespelet i VM i Chlie 31. mai 1962.

Ord sky bassert på artikkel: 745759
England - straffespark - Dominik - Szoboszlai - midtveges - nasjonsligaen - laurdag - september - pipekonsert - spelarane - markere - rasisme - britane - storspel - Ungarns - tilhengarar - rasistiske - ytringar - tribuneoppførsel - spesielle - prosent - tilskodarane - straffa - supporterane - dårlege - fotball - Heimekampane - eigentleg - spelast - stengde - tribunane - nasjonalsongane - protesterte - kontrollert - hjørnet - gruppespelet -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »