Hovedsiden

Liten annonse






    Jæger: Tok NM-gull på 400 meter

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, July 23, 2026 KL:21:59)
    henriette jæger innfridde forventningane og tok gullet på 400-meteren under nm i friidrett i trondheim. 23-åringen, som nyleg sette noregsrekord med 49,15 under diamond league i london, krysset mållinja på tida 50,41. – det ser greitt ut. eg er fornøgd, sa jæger om tida si etter løpet. likevel var det ikkje heilt slik ho såg for seg at løpet skulle bli. – dei som kjenner meg veit at eg kan bli litt lei meg når eg ikkje heilt får til det eg ynskjer. eg hadde lyst til å sjå 49-talet i dag, det er ikkje så rart det. men eg gav mitt i dag og så var det her det heldt til, utdjupar ho. sjølv om jæger ikkje var fornøgd med resultatet, sette ho ny meisterskapsrekord på distansen. – det nærmar seg eit em, korleis kjennest det ut no for deg? – det kjennest bra ut, eg glede meg mykje, la ho kort til. em i friidrett startar 10. august og tar plass i birmingham. mor og trenar unn merete jæger var fornøgd med dottera si prestasjon, trass vêret under meisterskapen. – forholda er vel ikkje heilt optimale, det er ganske kaldt og litt regntungt, men eg synest ho setter saman eit veldig godt løp. under litt tunge forhold så er det her veldig bra.









    NRK-ekspert rosar langrennskomet: – Viser ingen respekt

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, January 23, 2026 KL:14:51)
    karoline grøtting og tiril udnes weng viste god form i sveitsiske goms og leia lagsprinten frå start. weng, som gjekk den siste etappen, tapte likevel på oppløpet. coletta rydzek var sterkast i spurten og gjekk tyskland inn til siger. julie bjervig drivenes kom også som ei kule bak weng og tok andreplassen. – ein god norsk dag med andre- og tredjeplass. julie drivenes sin spurt er svært solid, seier nrk-ekspert fredrik aukland. tyskland vann framfor, noregs førstelag beståande av astrid øyre slind og drivenes, medan noregs andrelag med weng og grøtting kom på tredje. drivenes og grøtting tok difor også sine første pallplassar i verdscupen. grøtting, som fekk sin verdscupdebut førre veke, kunne leggje godt til rette for weng. på den nest siste etappen, gjekk dei norske laga side om side. – viser ingen respekt for slind her grøtting, og får den leiinga ho ønsker, sa aukland inn mot den siste vekslinga. fredagens resultat var også ein opptur for weng, som har slite med sjukdom dei siste to sesongane. – det er ein opptur for tiril udnes weng. det er lenge sidan eg har sett ho så frisk i motbakkepartiet og på oppløpet. det viser at det startar å losne for tiril udnes weng, seier aukland.







    Tung dag for Tandrevold – får ikkje gå jaktstarten

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, December 5, 2025 KL:17:07)
    ingrid landmark tandrevold får ikkje gå jaktstarten på søndag. det blei klart etter at ho hamna utanfor top 60. på skiskyttar-sprinten i östersund fredag. – eg startar jo med å bomme to på liggande. så set eg meg i ein veldig dårleg posisjon. ein litt uvant posisjon, seier ho til nrk etter løpet. ho fekk total fem bom og hamna på ei 69. plass på sprinten. det er ikkje godt nok til å få starte. – for min del nå blir det vel ein del kviledagar. for eg tvilar på at eg får gå jaktstarten. eg prøvde på å gå for å kunne gå ein jaktstart, seier ein skuffa tandrevold. den norske skiskyttaren hadde god fart i sporet inn til fyrste skyting, men med to bom på fyrste skyting etterfylgt at tre bom på ståande, blei det for tøft. maren hjelmeset kirkeeide blei best av dei norske. men ni treff, hamna ho på ein sjuandeplass. finske suvi minkkinen vann sprinten, framfor svenske anna magnusson og franske oceane michelon.




    Lunde spelar sin siste sesong for Noreg: Landslagstrenar er ikkje bekymra for framtida

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, November 26, 2025 KL:11:43)
    eit forbilde og bauta gir seg. ein kulturberar. det er veldig rart. men det er sjølvsagt ei tid for alt, seier nora mørk til nrk. for nokre dagar sidan meldte katrine lunde og håndballforbundet at lunde gir seg som keeper for landslaget etter sesongen. landslagstrenar ole gustav gjekstad seier under pressekonferansen onsdag at dei ikkje er bekymra for keeperplassen når lunde sluttar. – kyrkjegarden er heilt full av uerstattelege personar. denne gangen også skal vi vise at vi kan erstatte katrine. lunde spelar sitt siste meisterskap med det norske flagget på brystet når vm startar 26. november. – eg trur det er mange som synest det er trist at katrine gir seg. nokon keeperar tenker at nå er det moglegheit å prøve seg. litt spisse olbogar for å komme på landslaget. men vi har gode keeperar. det skal nok gå bra. men det er klart, det vil alltid vere et tap for noreg utan katrine lunde, seier landslagskollega nora mørk.



    100 dagar til OL: Håpar Noreg tar 35 medaljar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, October 29, 2025 KL:10:29)
    toppidrettssjef tore øvrebø er offensiv og trur på 35 norske medaljar under vinter-ol i italia, det kjem fram då han møtte pressa i olympiahallen, onsdag. – det er både krevjande og realistisk, seier øvrebø. målet for paralympics er åtte medaljar. – me har jobba over tid med idrettane for å finne eit fornuftig nivå på målsettingane, legg han til. for ol i beijing i 2022 var målet 32 medaljar. noreg tok med seg 37 medaljar, der 16 av dei var gull. det er rekord for eit vinter-ol. – mange av dei store medaljegrossistane har lagt opp før ol, seier øvrebø til nrk. neste års meisterskap går utan mellom andre therese johaug og jarl magnus riiber. johaug tok tre gullmedaljar førre ol. i dag er 100 dagar til meisterskapet i milano og cortina startar.








    desse startar kampen for noreg

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, September 9, 2025 KL:19:17)
    Ståle Solbakken gjer fire endringar på laget og har valt desse elleve i VM-kvalifiseringskampen mot Moldova: Ørjan Håskjold Nyland – Julian Ryerson, Kristoffer Ajer, Torbjørn Heggem, David Møller Wolfe – Sander Berge, Martin Ødegaard, Felix Horn Myhre – Alexander Sørloth, Erling Braut Haaland, Antonio Nusa. Nyland, Heggem, Sørloth og Nusa erstattar: Selvik, Østigård, Bobb og Schjelderup som starta privatlandskampen mot Finland på torsdag. Kampen mot Moldova på UIlevaal Stadion begynner 20.45 tysdag. Den kan du sjå på TV 2 eller høyre direkte på NRK Sport på radio.

    Landslaget med markering etter drapet på Tamima

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, September 4, 2025 KL:12:34)
    under landskampen mellom norge og finland vil det tre minutt før avspark vere ein markering for tamima nibras juhar og kampen mot rasisme, skriv antirasistisk senter i ei pressemelding. juhar blei drepen medan ho var på jobb på ein institusjon i oslo. – me må gjere alt me kan for å overdøyve hat og rasisme og det er utruleg rørande at norges fotballforbund bidrar i kampen mot rasisme på denne måten, seier umar ashraf, dagleg leder i antirasistisk senter. skjermane på ullevål stadion vil lyse opp i gult og publikum blir oppfordra til å reise seg og klappe for å vise at ein står saman mot hat og rasisme. kampen mot finland på ullevål stadion startar 18.00 torsdag.

    Skotheim tilbake etter skade – sette ny personleg rekord

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, August 23, 2025 KL:16:51)
    sander skotheim sette ny personleg rekord i fyrste konkurranse etter kneskaden han pådrog seg under bislett games i juni. – toppforma startar definitivt å nærme seg, seier sander skotheim etter å ha tatt ny rekord i spydkast. han kasta 62.39 meter under noregsleikane på jessheim, laurdag. den førre rekorden var på 62.11 meter. – eg er glad for personleg rekord. så blei eg ivrig etter det. då blir det kortare, eg er ikkje tolmodig nok. det blir to kast over 60 meter, eg er fornøgd med det, seier skotheim til nrk. skotheim var verdas beste tikjempar før skaden, men merkar no at forma er i betring. målet i vm i tokyo er framleis ein gullmedalje. – no er eg i ein periode der eg føler eg blir betre for kvar dag som går, legg han til.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »