Sport

    Tung dag for Tandrevold – får ikkje gå jaktstarten
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, December 5, 2025 KL:17:07)
    Ingrid Landmark Tandrevold får ikkje gå jaktstarten på søndag. Det blei klart etter at ho hamna utanfor top 60. på skiskyttar-sprinten i Östersund fredag. – Eg startar jo med å bomme to på liggande. Så set eg meg i ein veldig dårleg posisjon. Ein litt uvant posisjon, seier ho til NRK etter løpet. Ho fekk total fem bom og hamna på ei 69. plass på sprinten. Det er ikkje godt nok til å få starte. – For min del nå blir det vel ein del kviledagar. For eg tvilar på at eg får gå jaktstarten. Eg prøvde på å gå for å kunne gå ein jaktstart, seier ein skuffa Tandrevold. Den norske skiskyttaren hadde god fart i sporet inn til fyrste skyting, men med to bom på fyrste skyting etterfylgt at tre bom på ståande, blei det for tøft. Maren Hjelmeset Kirkeeide blei best av dei norske. Men ni treff, hamna ho på ein sjuandeplass. Finske Suvi Minkkinen vann sprinten, framfor svenske Anna Magnusson og franske Oceane Michelon.

Ord sky bassert på artikkel: 1065482
Tandrevold - jaktstarten - Landmark - utanfor - skiskyttar - sprinten - Östersund - startar - liggande - posisjon - kviledagar - skiskyttaren - skyting - etterfylgt - ståande - Hjelmeset - Kirkeeide - sjuandeplass - Minkkinen - framfor - svenske - Magnusson - franske - Michelon -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »