Hovedsiden

Liten annonse




    Nusa med målpoeng trass tap

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, January 31, 2026 KL:18:21)
    antonio nusa noterte seg for ein målgivande pasning til conrad harder, i kampen mellom rb leipzig og mainz 05 i tyske bundesliga. mainz 05 vann kampen 2–1 etter scoringar av amiri og silas. rb leipzig ligg førebels på den viktige 4. plass på tabellen, som sikrar meisterligaspel neste sesong. men fleire lag rundt dei på tabellen har ein kamp til gode.



    Manchester United vann i målfest – tok sin tredje strake seier

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, October 25, 2025 KL:20:25)
    manchester united tok sin tredje seier på rad da dei laurdag kveld vann 4-2 mot brighton. matheus cunha sette inn 1–0 i det lengste hjørnet etter 24 minutt. manchester united heldt eit høgt trykk utanfor 16-meteren til brighton og vann igjen ballen. bruno fernandes lobba ballen på tvers til casemiro, som igjen fann cunha. brasilianaren tok ein liten touch, før han på lekkert vis breisida ballen perfekt nede ved stolpen. 2–0 kom etter at casemiro drog seg fri utanfor 16-meteren og fyrte av eit skot. det gjekk via ein brighton-spelar og da var målvakt verbruggen utspelt. kamerunske bryan mbeumo vart han som fiksa 3–0. benjamin sesko vende bort ein motspelar før han fann mbeumo ute til høgre. mbeumo hadde ingen problem med å sette inn sitt tredje mål i premier league denne sesongen. da alle trudde at brighton var heilt fortapt, så gav ein tidlegare united-helt dei kvite og blå likevel håp etter 74 minutt spelt. for da brighton fekk frispark rett utanfor 16-meteren til united, steg danny welbeck fram. han klemte til og sneik ballen over united-muren og rett under tverrliggaren. eit strålande frisparkmål av welbeck. eitt minutt inn i overtida kom brighton sitt andre mål. eit hjørnespark frå høgre, og der hoppa charalampos kostoulas høgast og stanga inn 2-3. mens mange united-supporterar nok kjente på nervøse kjensler, så dukka plutseleg bryan mbeumo opp nok ein gong. han kom seg fri ved 16-meteren, drog seg innover og banka inn seiersmålet 4-2. manchester united tok med det sin tredje strake seier i premier league. på ni kampar har dei 16 poeng, og førebels ligg dei på 4.-plass i serien.











    Halvtomt til Noregs opningskamp

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, January 13, 2025 KL:14:37)
    det er forventar 7000 tilskodarar når noreg spelar sin første vm kamp mot brasil onsdag. med andre ord vil berre halvparten av stolane vere fylt opp i arenaen på fornebu som har kapasitet til 13.950 tilskodarar. i kampen mot usa på fredag forventar arrangøren 8000 tilskodarar, medan det mot portugal søndag er venta 10.000 publikumarar. det opplyser kirsten birkeland som er medieansvarleg for vm til nrk. førebels er ikkje finalen utseld. arrangøren forventar 12.000 besøkande den dagen. det vil i så tilfelle vere publikumsrekord for ein landskamp på norsk jord. den gamle rekorden er på 11.200 tilskodarar og var sett under vm-finalen for kvinner mellom noreg og frankrike tilbake i 1999 i håkons hall på lillehammer.














    Treigt dansk billettsal til fotball-VM

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, September 26, 2022 KL:17:57)
    det danske herrelandslaget i fotball er populært, men førebels er det berre selt 2000 billettar til danske fans før det omstridde vm-sluttspelet i qatar. det gir eit snitt på færre enn 700 billettar fordelt på dei tre gruppespelkampane til danmark. direktør jakob jensen i det danske fotballforbundet (dbu) opplyser om billettsalet til ekstra bladet. – vi gir gjerne danskane rettleiing om opphaldet, men vi arrangerer ingen fanzoner eller har andre aktivitetar i qatar, for vi ønsker ikkje å støtte opp om landet, seier jensen til avisa. det er under to månader til fotball-vm. kritikken av qatar, i tillegg til dyre hotellprisar, har vore med på å skremme vekk danske supporterar, skriv nyheitsbyrået ritzau. ifølge ekstra bladet kan danske supporterar i teorien legge beslag på mellom 3000 og 5000 billettar til kvar kamp. dbu har fråssagt seg rettane til å distribuere billettane.

    Lindvik ute med skade

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, August 23, 2022 KL:20:23)
    skihoppar marius lindvik har måtte stå over hopptrening dei siste vekene. ol-vinnaren frå stor bakke i vinter stua tåa si medan han spelte padel. – det vart litt overtenning. eg klarte å lande med tåa i bakken og hælen i veggen, seier lindvik til nrk. landslagstrenar alexander stöckl håpar å ha 24-åringen tilbake i bakken i haust. – det er typisk. ein skihoppar skadar seg sjeldan i bakken. det skjer andre stadar, seier austerrikaren som førebels ikkje har planar om å stramme inn på hopparane sine fritidsaktivitetar.

    «Utbrytarligaen»: Fleire turneringar og fleire milliardar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, July 28, 2022 KL:06:55)
    den kontroversielle ligaen liv golf skal omfatte 14 turneringar neste år, mot åtte i oppstartssesongen i år. det kunngjorde ligaen onsdag. samstundes aukar premiepotten frå 255 til 405 millionar dollar (ca. 2,5 til 4 milliardar kroner). datoane for neste års turneringar er ikkje fastsette. ligaleiinga seier dei vil sjå det an for å gi spelarane størst mogeleg val i kvar dei vil delta. førebels er liv-spelarane utestengde frå pga-touren og den europa-baserte dp-touren. derimot er dei velkomne til asia-touren, slik at dei til saman får 25 mogelege turneringar neste år, melder liv golf. liv golf er finansiert av det statlege investeringsfondet i saudi-arabia, og blir skulda for å vere sportsvasking i stor stil. liv har allereie lokka fleire kjende namn over frå pga-touren. dustin johnson, phil mickelson, byrom dechambeau og brooks koepka er blant dei som har gått over til liv, og skal ha fått overgangssummar for opptil ein milliard kroner for å signere.



    Hovland avslutta med eitt under par

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, June 5, 2022 KL:17:45)
    viktor hovland avslutta golfturneringa i idaho med ein runde på eitt slag under par. men etter den svært uhedige runden fredag blei det likevel fire over par totalt. førebels gir det 57.-plass i turneringa. hovland fekk birdie på hol 2 og 4, før det blei bogey på 7. han retta det opp med ny birdie på hol 8, og hadde deretter par fram til det blei bogey igjen på hol 17.

    Hovland kjempar mot cuten

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, June 3, 2022 KL:19:07)
    viktor hovland fekk det ikkje heilt til å svinge på den andre runden av pga-turneringa i golf i ohio. nordmannen er førebels eitt slag over cutgrensa. golfesset gjekk den andre runden eitt slag over par etter å ha slått seg eitt slag under par på torsdagens første runde. der snudde han ein vond start og kom ut med hovudet heva. fredag skulle han igjen få ei vond opning, men denne gongen greidde han ikkje å spele seg opp igjen. to birdiar, ein bogey og ein dobbelbogey blei fasiten på ein middels dag. hovland kopierte starten på den første runden og var to slag over par etter fire hol. han gjekk dei tre første på par, før han måtte tole ein dobbeltbogey på hol fire (13. holet på bana). han ligg foreløpig på delt 48.-plass, og det er 19 hakk ned til under cutgrensa. amerikanske denny mccarthy leder på sju slag under par.


Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »