Sport

    Hovland kjempar mot cuten
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, June 3, 2022 KL:19:07)
    Viktor Hovland fekk det ikkje heilt til å svinge på den andre runden av PGA-turneringa i golf i Ohio. Nordmannen er førebels eitt slag over cutgrensa. Golfesset gjekk den andre runden eitt slag over par etter å ha slått seg eitt slag under par på torsdagens første runde. Der snudde han ein vond start og kom ut med hovudet heva. Fredag skulle han igjen få ei vond opning, men denne gongen greidde han ikkje å spele seg opp igjen. To birdiar, ein bogey og ein dobbelbogey blei fasiten på ein middels dag. Hovland kopierte starten på den første runden og var to slag over par etter fire hol. Han gjekk dei tre første på par, før han måtte tole ein dobbeltbogey på hol fire (13. holet på bana). Han ligg foreløpig på delt 48.-plass, og det er 19 hakk ned til under cutgrensa. Amerikanske Denny McCarthy leder på sju slag under par.

Ord sky bassert på artikkel: 745575
Hovland - kjempar - turneringa - Nordmannen - førebels - cutgrensa - Golfesset - torsdagens - hovudet - greidde - birdiar - dobbelbogey - fasiten - middels - kopierte - starten - dobbeltbogey - foreløpig - Amerikanske - McCarthy -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »