Sport

    Noreg vann og kliv på listene
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, August 5, 2022 KL:16:29)
    Magnus Carlsen og Aryan Tari bidrog til å sikre Noreg siger mot Nord-Makedonia i open klasse i sjakk-OL i Chennai. Også damene vann fredag. Verdsmeisteren slo Zvonko Stanojoski med kvite brikker i eit parti som var over etter 69 trekk. Med svarte brikker vann Tari mot Emil Risteski etter berre 32 trekk. Frode Urkedal spelte remis mot Nikola Nikolovski, og då gjorde det ingenting at Johan-Sebastian Christiansen tapte med kvite brikker mot Toni Lazov etter 37 trekk. Noreg vann til slutt nemleg 2,5-1,5 mot Nord-Makedonia. Noreg ligg nå på ein 33.-plass av 188 lag i open klasse. Indias 2.-lag ligg på toppen av listene. Dei norske damene vann 3,5-0,5 mot Paraguay og klatra med det til ein 23.-plass samanlagt. Det skal spelast totalt 11 rundar i sjakk-OL. Turneringa skal avsluttast tysdag.

Ord sky bassert på artikkel: 761062
listene - Carlsen - Makedonia - Chennai - Verdsmeisteren - Stanojoski - brikker - Risteski - Urkedal - Nikolovski - ingenting - Sebastian - Christiansen - Paraguay - samanlagt - spelast - Turneringa - avsluttast -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »