Sport

    Sjakk-mentor ut mot Carlsen
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, October 11, 2022 KL:09:42)
    Sjakkspelar Hans Niemanns mentor, Maxim Dlugy, er svært lite fornøgd med Magnus Carlsens stikk i jukseskandalen som har prega sjakkverda. – Folk kan trekkje sine eigne konklusjonar, og det har dei definitivt gjort. Og eg må seie at eg er veldig imponert av Niemanns spel. Eg trur at mentoren hans Maxim Dlugy må ha gjort ein veldig god jobb, sa Carlsen til Chess24 i slutten av september. Måndag kveld kom Dlugy med ei fråsegn der han svarte på Carlsens kommentarar. – Han insinuerer at Hans juksar, utan å seie noko konkret, og så insinuerte han at mentoren til Hans (eg) gjer ein god jobb, noko som er bevis for juks for Magnus, skreiv sjakkmentoren og heldt fram: – Det er ingen metode som eg eller andre kjenner til, der eg kunne fungert som medskuldig til Hans` påståtte juksing mot Magnus. Det er ingen dippeduttar, det er inga faktisk juksing og eg var i New York då partiet vart spelt.

Ord sky bassert på artikkel: 772986
Carlsen - Sjakkspelar - Niemanns - fornøgd - Carlsens - jukseskandalen - sjakkverda - trekkje - konklusjonar - definitivt - imponert - mentoren - Chess24 - slutten - september - fråsegn - kommentarar - insinuerer - konkret - insinuerte - sjakkmentoren - kjenner - fungert - medskuldig - påståtte - juksing - dippeduttar - faktisk - partiet -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »