Sport

Liten annonse
    Vil innskrenke sponsorreglane
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (tirsdag 19. oktober 2021 KL:09.00)
    18 av dei 20 klubbane i Premier League vil ha forbod mot sponsorar som har koblingar med klubbeigarane, melder Sky Sports. Bakgrunnen er dei omstridde nye arabiske eigarane av Newcastle United, og frykta for at dei skal teikne sponsorkontrakter med saudiarabiske statseigde selskap. Forbodet er i utgangspunktet mellombels og varer ein månad. Då er det meininga at eit permanent forbod skal vere på plass. 18 av dei 20 klubbane i Premier League røysta for forbodet på det ekstraordinære medlemsmøtet måndag. Newcastle røysta imot, og Manchester City avsto frå å røyste. Ifølgje The Guardian meiner Newcastles advokatar at vedtaket er ulovleg. Klubben har ikkje kommentert resultatet av røystinga. Det saudiarabiske investeringsselskapet PIF har kjøpt 80 prosent av Newcastle. Dei andre klubbane fryktar at eigarane vil kunne omgå dei økonomiske reglane i fotballen, Financial Fair Play.

Ord sky bassert på artikkel: 683925
innskrenke - sponsorreglane - klubbane - Premier - sponsorar - koblingar - klubbeigarane - Bakgrunnen - omstridde - arabiske - Newcastle - sponsorkontrakter - saudiarabiske - statseigde - selskap - Forbodet - utgangspunktet - mellombels - meininga - permanent - forbodet - ekstraordinære - medlemsmøtet - Manchester - Ifølgje - Guardian - Newcastles - advokatar - vedtaket - ulovleg - Klubben - kommentert - resultatet - røystinga - investeringsselskapet - prosent - fryktar - økonomiske - fotballen - Financial -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »