Sport

Liten annonse
    Skotheim skada – droppar deler av Bislett Games
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (torsdag 12. juni 2025 KL:17.15)
    Sander Skotheim kom med nedslåande nyheiter da han kom til Bislett Games på torsdag. – Eg pådrog meg dessverre ein liten skade i går. Allereie under det andre hoppet i lengde fekk eg ein dårleg landing, trur eg. Men me er litt usikre på kva som skjedde der. I fjerde hoppet slo eg kneet ganske hardt bakover i landinga. Eg har ganske vondt bak i knehasen i dag, seier Skotheim til NRK. Han og Markus Rooth har delteke saman som eit lag i trekampen i Bislett Games. På onsdag starta dei med lengde, før dei i utgangspunktet skulle springe 110 meter hekk og avslutte med spydkast på torsdag. – Det blir dessverre ikkje noko hekk på meg, og så satsar eg på at eg klarer å kaste litt spyd, seier Skotheim. Skotheim fekk til eit hopp på 7,65 meter, medan Rooth var den nest beste, med eit hopp på 7,67 meter. – Det er synd. Eg hadde gleda meg til å springe saman med han og fullføre som eit lag, me får håpe han får til å kaste spyd, men det gjer det litt vanskelegare i lagkonkurransen kanskje, seier Rooth til NRK. Skotheim avslører at han skal ta ei MR-undersøking fredag morgon for å kartlegge kva som er gale. – Mest sannsynleg er det ikkje noko alvorleg, men eg er ikkje i stand til å springe hekk i dag dessverre, fortel Skotheim. Skotheim tok VM-gull innandørs i sjukamp i mars.

Ord sky bassert på artikkel: 1022433
Skotheim - droppar - Bislett - nedslåande - nyheiter - torsdag - dessverre - Allereie - landing - skjedde - bakover - landinga - knehasen - delteke - trekampen - utgangspunktet - springe - avslutte - spydkast - fullføre - vanskelegare - lagkonkurransen - kanskje - avslører - undersøking - kartlegge - sannsynleg - alvorleg - innandørs - sjukamp -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »